Torsdag 29. oktober: Jan Arild Snoen: Presidentvalet i USA 2020
Det nærmar seg presidentval i USA. Utfallet av valet har stor interesse for heile verda. I foredraget vil han ta for seg utviklingstrekk i amerikansk politikk og visa korleis landet er blitt stadig meir polarisert. Han vil ta temperaturen på innspurten av valkampen og analysera kva som til slutt kan avgjera utfallet
• Pelvic / perineal / penile trauma : cialis generic – Symptom intensity and impact scales could be used for.
.
Jan Arild Snoen er forfattar, samfunnsdebattant og kommentator i tidsskriftet Minerva, med amerikansk politikk som spesialfelt. Han har i haust gitt ut boka:
Trump-sjokket – hvordan kunne han vinne – og kan han vinne igjen? Snoen har med seg boka for sal og signering
Merk at møtet, som sagt over, vert i Storstova (gamle Bryne Kino) og startar kl. 11:00. Lokalet ligg i om lag same avstand frå jernbanestasjonen som biblioteket, og det er parkerings-plass med automatbetaling rett ved.
For å følgja smittevernråda oppmodar me sterkt medlemmene til å registrera seg via billettsystemet i Storstova (trykk på blå skrift)https://checkout.ebillett.no/301/events/56883/purchase/setup?q=/301/events/56883/purchase/corona&kanal=dxf#!
Info til dei som ikkje har brukt Storstova sitt billettsystem før: Alle må fylla ut e-postadresse og eit unikt/personleg passord (forskjellig frå koden du brukar for å få gratis billett). Ha med billetten på smarttelefonen eller i papirutskrift for å finna rett plass. Dersom du ikkje får dette til, kan du registrera deg i billettskranken i god tid før møtestart og få billetten der, men då må du registrera namn og telefonnummer på plassen (skriv dette på ein lapp på førehand for å spara tid).