Årsmelding 2017

Jæren SeniorUniversitet

Årsmelding  2017

 

I.         Organisasjon og formål

JSU er ein møtestad på dagtid for alle seniorar uansett alder. Gjennom  foredrag/forelesingar blir det gitt innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det  arrangerast ekskursjonar og turar. JSU er ein sjølvstendig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret. Alt arbeid for organisasjonen er frivillig. JSU har ikkje betalte tilsette.

II.        Vedtekter

 

Det er ingen endringar i vedtektene godkjende av årsmøte 22.03.2012.

 

   III.        Medlemmer

 

Medlemmer ved årsskiftet: 137 (138).

Kommentar: Tala i parentes i meldinga refererer seg til status for 2016

 

IV.            Styre

MEDLEMMER

adresse telefon e-post funksjon på val
Hans Olav Zahl Kong Magnusgt 19, 4344 Bryne 91627780 hans.olav.zahl@lyse.net leiar 2018
Åse Helgeland Eivindsholvegen 26, 4345 Bryne 92818605 oddvar.helgeland@lyse.net nestleiar 2019
Øyvind Nordsletten Hognestad-vegen 278, 4346 Bryne 99260287 oyvind@nordsletten.com styremedlem 2019
Margaret Thesen Hjortev. 11, 4323 Sandnes 99545418 mthesen@lyse.net styremedlem 2018
Kristian Staveland Kolheiv 6, 4340 Bryne 97195325 kristian.staveland@lyse.net sekretær 2019
Tordis Undheim Vestlyv 161, 4347 Lye 90138029 tordis.undheim@gmail.com styremedlem 2018
Sven Åsland Åslandsv 251, 4355 Kvernaland 41237569  svenaa@robin.no Kasserar, rekneskapsførar og web-ansvarleg 2018
VARAMEDLEMMER
Kirsten Søiland, Toreskogv. 85, 4342, Klepp kirsten.soiland@kleppnett.no
  1. vara
2018
Jan Sveinsvoll Mosev. 1 4056 Tananger jan.sveinsvoll@lyse.net
  1. vara
2018

 

  1. Valkomité

Leif M. Strand, leiar; Brit Karlsen Ree; Jarle Braut

  1. Revisor

Jonn-Borger Magnussen

  1. Styreaktivitet

Styret har hatt 8 (8) møter og har behandla 39 (42) saker.

  1. VIII.        Kontingent    

Kontingenten er kr 500,- og fylgjer kalenderåret. Årsmøtet 2017 fastsette kontingenten for 2018. Styret foreslår uendra kontingent for 2019. Nyinnmelde medlemmer etter 1. august betaler kr 250,- for resten av året. Medlemmer betaler ikkje inngangspengar på møta. Ikkje-medlemmer betaler kr 100. Kontingenten for 2019 skal godkjennast av årets årsmøte.

  IX.        Programmet i 2017

Det har vore ni (ni) forelesingar i 2017. Frammøtet i vårsemesteret var 116 (102) personar i snitt, og i haustsemesteret 132 (130). Til saman1107 (1032). Her er namn på førelesarane og emne for 2017:

Januar: Sigbjørn Reime: Arne Garborgs «Fred» – ein vital og aktuell 125-åring

Februar: Håvard Søiland: Brystkreft  

Mars: Solveig Aareskjold: Ansikt til ansikt        

April: Gina Lende: Mot ei meir religiøs verd?

Mai: Mímir Kristjánsson: Sammen er vi mindre alene         

August: Tom Hetland: Kven vinn stortingsvalet?

September: Ingvar Byrkjedal: Status for vipa på Jæren

Oktober: Kjell Arild Pollestad: Luther 500 år etter

November: Siri Carlsen: Type 2 diabetes – ein folkesjukdom

I september arrangerte styret ein ekskursjon til fuglestasjonen på Revtangen der 17 medlemmer deltok.

Møtestad

Alle møta er haldne i Time bibliotek. JSU takkar for utvist velvilje og godt samarbeid.

    X.        Økonomi og rekneskap

 

  • Økonomien er god. I år er det berre ein av førelesarane som ikkje har vore kortreist. Opparbeidd kapital gir rom for å henta inn føredragshaldarar frå andre delar av landet og gjera eventuelle investeringar i utstyr.

Rekneskapen for 2017 er godkjent av revisor.

Kommentar:

1)    Bankinnskot er summen av brukskonto og sparekonto.

2)    Auken i utgiftene til honorar kjem av at fleire av førelesarane i 2016 var i offentleg stilling der dei såg på oppdraget som ein del av stillingsoppdraget. Alle førelesarar får frå 2017 tilbod om kr 4000,-

3)    1 medlem betalte 2017-kontingent i 2016, 2 betalte 2018-kontingent i 2017. Kontingent vert inntektsført på det året kontingenten gjeld.

 

 

 

 

 

Rekneskap 2017 og 2016  

Inntekt

2017

 

2016

Bank

Medlemskontingent          66250,-

66000,-

Billettinntekt

37100,-

26200,-

Boksal

2075,-

Rente bank

995,90

1100,90

Sum inntekt     106420,90          93300,-  
Utgift

2017

 

2016

Bank

Honorar førelesarar

   32000,-

 

21000,-

   
Reise og forpleiing førelesarar

     9710,80

 

10201,45

   
Rekvisita         3661,-  

    1929,-

   
Annonser         4790,-  

    4830,-

   
Andre adm. kostnader (porto, gebyr mm)

3574,66

 

5961,66

   
Sum utgift

53736,46

 

43922,11

 

Resultat 2017

52684,44

 

 

 

 

Resultat 2016

 

49378,79

 

 

Kontantar i kassen

833,-

 

938,-

 

 

Bankinnskott 31.12.2016

 

 

 

238 385,55

Bankinnskott 31.12.2017

 

 

 

291674,99

 

Styret i JSU takkar alle medlemmene.

Bryne, 9.  februar 2018

Hans Olav Zahl                      Åse Helgeland                        Margaret Thesen

Tordis Undheim                      Sven Åsland                           Kristian Staveland

Øyvind Nordsletten                Jan Sveinsvoll                        Kirsten Søiland

Comments are closed.