Årsmelding 2011

Jæren Senioruniversitet (JSU) vart stifta 28. april 2011.

1.Interimstyre

Namn E-post Funksjon
Egil Harald Grude egil.harald.grude@rogfk.no Styreleiar
Helge Lande hel-la@online.no Nestleiar
Gudrun Håland gudrun.haaland@kleppnett.no Rekneskap
Gerd Marie Aa Bekkeheien fujaeren@jkn.no Kasserar
Ingeborg Kristiansen oyvind.kristiansen@kleppnett.no Styremedlem
Hallvard Nordås Styremedlem
Dagfinn Carlsen dagfinn.carlsen@jkn.no Sekretær/dagleg leiar
Lars Sigve Meling lars.sigve@folkehogskole.no Varamedlem

2.Organisasjon og formål
JSU er ein møtestad på dagtid for alle seniorar uansett alder. Gjennom forelesingar/foredrag blir det gitt innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det arrangerast ekskursjonar og turar. JSU er ein sjølvstendig organisasjon tilmeldt Brønnøysundregisteret. Alle seniorar kan bli medlemmer.
Alt arbeid for organisasjonen er frivillig. JSU har ikkje betalte tilsette.

3.Vedtekter
Vedtektene skal godkjennast av årsmøte. Du finn dei under vedtekter i menyen eller ved å klikka her.

4.Styreaktivitet
Det første året har vore innhaldsrikt. Det er avhalde 5 møter i styret og 50 saker er behandla. Arbeidet med forelesingsprogrammet er utfordrande.

5.Program
JSU legg opp til fire forelesingar kvart semester og i tillegg ein ekskursjon i vårsemesteret. Programmet for haustsemesteret 2011 har vore:

    Torsdag 29.09.: sjefredaktør i Stavanger Aftenblad Tom Hetland
    ”Norsk politikk etter valet – mine refleksjonar som politisk kommentator” 

    Torsdag 27.10.: ass. direktør i Helsetilsynet, lege Geir Sverre Braut
    ”Velferdsstaten i brytning – tankar om utvikling av helse- og sosialtenestene”

    Torsdag 24.11.: seniorrådgjevar i Statoil, geolog Per Arne Bjørkum
    ”Sannheter i forandring – eksempler fra vitenskapens historie”

JSU har så langt vore ein suksess og ved utgangen av året var medlemstalet 130.
I gjennomsnitt har foredraga samla 125 tilhøyrarar.
Førebels har JSU lagt seg på ei linja der forelesarane har lokal tilknyting.

6.Samarbeid
Alle møtene har vore i Time bibliotek og JSU takkar biblioteket for eit godt samarbeid. Det store frammøte har ført til at det ikkje er plass nok i auditoriet. Med velvilje frå biblioteket er dette løyst slik at vi nå har plass til 150.

7.Økonomi
JSU har fått eit oppstartbidrag på kr 3.000 frå Time kommune. Bortsett frå dette, som er eit eingongsbidrag, har JSU ikkje motteke offentleg støtte i 2011. Einaste inntekt har vore medlemskontingent og billettsal. Styret har av denne grunn auka kontingenten frå kr 400 til kr 500. Inngangspengane for ikkje-medlemmer er auka til 100 kroner. Medlemmer betaler ikkje inngangspengar på møtene. Ekskursjonar vil vera til sjølvkost og medlemmer har prioritet.

8.Rekneskap
Last ned revidert rekneskap her (pdf-format)
Får du ikkje åpna fila, kan det vera du manglar Adobe Reader. Dette kan lastas ned her.

Bryne, 9. februar 2012
Egil Harald Grude (sign); Gerd Marie Aase Bekkeheien (sign); Dagfinn Carlsen (sign); Gudrun Håland (sign); Ingeborg Kristiansen (sign); Helge Lande (sign); Hallvard Nordås (sign); Lars Sigve Meling (sign);

Comments are closed.