Ekstra medlemsmøte. Kvifor er det krig i Ukraina?

Krigen i Ukraina opptek og opprører oss alle. Spørsmåla er mange. Me har vore så heldige å få Øyvind Nordsletten til å halda eit foredrag utanom det ordinære vårprogrammet om bakgrunnen for krigen i Ukraina. Det går av stabelen tysdag 15.mars klokka 11.00 i Storsalen på Time Bibliotek. Som vanleg er det gratis for medlemmer og kr 100 i inngangspengar for ikkje-medlemmer. Opplegget er som vanleg, først foredrag, så kaffipause og deretter spørsmål. Me trur at det vil vera stor interesse for dette aktuelle foredraget, så ver ute i god tid.        Velkomne skal de vera!

This entry was posted in Nyheiter. Bookmark the permalink.

Comments are closed.