Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Februarmøte 2022

Februarmøte 2022

Velkommen til februarmøte 24.02.22 kl.1100. Møtet vert i Storsalen, Time bibliotek. Det er slutt med registrering, påbod om munnbind og avstand. Det vil vera mogeleg å kjøpa kaffi i pausen. Føredragshaldar er jærbuen og juristen Magnus Matningsdal. Føredraget har tittelen: Tankar frå eit liv som dommar. Han vil snakka om rolla som dommar, om viktige-eller kuriøse-saker han har behandla. Han vil også reflektera over utviklinga i den norske rettsstaten og korleis synet på ulike former for kriminalitet har endra seg gjennom dei 50 åra han har følgt rettsvesenet på nært hald.

Medlemskontigent 2022. Vi minner igjen om kontigenten, dersom det skulle ha gått i gløymeboka for nokon. Kr 500,-kan betalast til Jæren SeniorUniversitet, bankkonto 3325.38.18609(Jæren Sparebank). Skriv i melding til mottakar: Kontingent 2022 og namnet på den kontigenten gjeld .

Årsmøtet for 2022 vert halde 31.mars i samband med marsmøtet. Forslag til saker til årsmøtet må skje skriftleg til styret innan 17.mars.

Bli medlem!

Arkiv