Februarmøte utan restriksjonar

Det var godt å vera i Biblioteket heilt utan restriksjonar og med kaffipause. Heile 102 hadde møtt opp for å høyra Magnus Mattingsdal snakka om eit langt liv som dommar. Han var god å høyra på. Han tok for seg opplevingar som  dommarfullmektig, konstituert sorenskrivar,  lagdommar,  herredsrettsdommar og høgsterettsdommar. Han var bl.a innom avviklinga av juryordninga, utviklinga i straffereaksjonar, barnevernssaker og EMDs innvendingar mot norsk praksis og viktigheten av domstolane si uavhengighet. Eit lærerikt og godt føredrag.

This entry was posted in Nyheiter. Bookmark the permalink.

Comments are closed.