Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Kai Eide: Europa i krig – kva gjer vi nå?

Kai Eide: Europa i krig – kva gjer vi nå?

Russlands angrep på Ukraina har skapt den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen i Europa sidan 2. verdskrigen. Dei blodige kampane og brutale overgrepa mot sivile har skapt sterke reaksjonar mot Russland. Folk engasjerer seg i hjelpearbeid for Ukraina og for ukrainske flyktningar. Vestlege land sender stadig tyngre våpen til Ukraina og vedtek nye sanksjonar mot Putins regime. Sverige og Finland vurderer medlemskap i Nato, medan EU opnar for ukrainsk medlemskap.

Finst det ennå håp om ei diplomatisk løysing på konflikten, eller må me rekna med ein langvarig krig, der kanskje også andre land blir trekte inn? Kva konsekvensar vil krigen få for Russlands plass i det internasjonale samfunnet på lengre sikt? Og korleis vil EU, Nato og andre former for internasjonalt samarbeid blir påverka av krigen?

Dette er blant spørsmåla som Kai Eide vil ta opp i foredraget torsdag 28. april. Eide er ein av Norges mest erfarne diplomatar. Han har vore ambassadør på ei rekke postar, mellom anna til Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) 1998-2002 og til Nato 2002-2006. I åra 2008-2010 var han FNs spesialutsending til Afghanistan. Som pensjonist er Eide aktiv som foredragshaldar og samfunnsdebattant, og me kan sjå fram til innsiktfulle analysar av ein internasjonal situasjon i dramatisk endring.

Bli medlem!

Arkiv