Møte med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten

Vi ønskjer alle velkommen til semesterstart torsdag 29.august 2019. Då skal Bothild Åslaugsdotter Nordsletten snakka om Jærlandbruket i framtida. Blir det dekk og diesel eller grønt lokomotiv? Dette burde vera aktuelt for alle.

Møtet vert som vanleg i Storsalen på Time Bibliotek kl 11:00, men merk at denne gongen vert det eit tillegg. Jærbladet har kontakta styret og bedt om eit samarbeid. Dei ønskjer å strøyma foredraget på si nettside, og i etterkant arrangera ein landbrukpolitisk debatt, også den overført på nett, i eigen regi. Jærbladet har ordna med deltakarar til paneldebatten, og dei av møtedeltakarane som vil følgja debatten i Storsalen er velkommen til det. Debatten vert etter den vanlege spørsmælsrunden og startar ca. kl. 12:45.

This entry was posted in Nyheiter. Bookmark the permalink.

Comments are closed.