Oktobermøte

103 møtte fram for å høyra om jødane på Jæren under 2.verdskrig.Ine Fintland tok først for seg alle jødane som budde i Rogaland i førkrigstida. Etter kvart snevra ho det inn til å gå grundigare inn på familien Becker som budde på Bryne og seinare i Stavanger. Ho hadde gjort eit grundig researcharbeid om dagleglivet deira på Bryne, og seinare skjebnen deira under 2.verdskrig. Ho la fram stoffet på ein måte som gjorde at vi vart kjende med denne familien og forsto at dei var vanlege folk som var godt integrerte på Bryne.

Det var godt å vera tilbake “heima” på Biblioteket. Ein ekstra takk til Garborgsenteret som hjalp til med kaffi og Biscotti.

This entry was posted in Nyheiter. Bookmark the permalink.

Comments are closed.