Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Program for hausten 2022

Program for hausten 2022

Torsdag 25 august kl.11.00: Kirsten Jæger Fjetland: Pårørande sin innsats – meiningsfylt hjelp eller sovepute for staten?

Dei aller fleste av oss vil gjennom livet oppleva å vera pårørande. Det kan vera både som foreldre til barn og unge med nedsett funksjon og som pårørande til sjuke og gamle. Mange legg ned ein stor frivillig innsats i omsorga for nær familie eller andre slektningar og vener. Slik innsats kan opplevast som ei meiningsfylt plikt, ein måte å gi tilbake noko av den omsorga som ein sjølv har fått ein gong. Å ta vare på sine næraste er ein verdi som ligg djupt rotfesta i kulturen vår.

Også i den offentlege omsorgspolitikken blir innsatsen til dei pårørande løfta fram som verdifull. Kostnadene med å oppretthalda og utvikla velferdssamfunnet er stigande, og frivillig innsats trengst for at det skal fungera.

Men kor skal grensa gå mellom dei pårørande og dei profesjonelle? Kan den frivillige innsatsen bli ei sovepute for stat og kommune? Kva hjelp og støtte treng dei pårørande for ikkje å slita seg ut, og korleis kan me få eit betre samspel mellom det offentlege og den frivillige innsatsen? Kva seier forskinga om slike spørsmål?

Kirsten Jæger Fjetland er professor ved Institutt for helsefag, VID vitenskapelige høgskole. Ho deltar i forsking og fagutvikling knytta til sosial støtte til pårørande.

Torsdag 29. september kl.11.00: Jørn Øyrehagen Sunde: Demokratiet og rettsstaten i fare

Et bilde som inneholder person, mann

Automatisk generert beskrivelse

Demokrati, rettsstat og menneskerettar er avløyste av autoritære regime i Russland, Ungarn,
Polen og Tyrkia. Den positive utviklinga i land som Kina og India har snudd,
og sjølv i USA og Storbritannia har utviklinga dei siste åra vore urovekkjande. Då er
det ikkje tale om tilfeldige episodar, men om ein global trend. Krigen i Ukraina viser kor gale det kan gå når kritikk og maktkontroll ikkje lenger er mogeleg.

Kva er årsakene til denne utviklinga, og korleis kan den best møtast for å ta vare på demokratiet, rettsstaten og menneskerettane – grunnleggjande kvalitetar ved samfunnet
slik me kjenner det?

Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og rettshistorikar. Han har vore professor ved Universitetet i Bergen, men har frå 2019 vore tilknytt Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. For tida leier han eit prosjekt om politiets historie i Norge. Sunde er ein uvanleg aktiv formidlar, og det kan nemnast at han også er tilknytt Baroniet i Rosendal i heimkommunen Kvinnherad som historikar.

Torsdag 27. oktober kl.11.00: Kjetil Lund: Den dyrebare krafta

Et bilde som inneholder person, mann, klær, dress

Automatisk generert beskrivelse

Norge har i lang tid vore velsigna med billeg, fornybar elektrisk kraft. I framtida vil dette også vera ein endå viktigare ressurs med tanke på det grøne skiftet.

Men sist vinter vart hushaldningar og næringsliv ramma av eit “straumsjokk”, då elprisen steig kraftig. Det skapte stor politisk uro, med krav om tiltak for å få tilbake ein stabil, låg kraftpris. Samstundes fekk me ein debatt om kva me skal prioritera å bruka kraftressursane til i framtida. Datasenter, elektrifisering av sokkelen, elbilar og elbussar, ny grøn industri og auka eksport vil til saman krevja meir straum enn me har tilgjengeleg i dag, og ny utbygging av vasskraft og vindkraft møter protestar.

Kva gjer me i denne situasjonen? Korleis bør krafta prioriterast? Bør me behalda krafta sjølv, eller leggja til rette for meir eksport? Kor mykje ny kraft kan bli tilgjengeleg gjennom utbygging eller sparing? Må me berre venna oss til ein høgare og meir variabel straumpris?

Vigrestadbuen Kjetil Lund står midt oppe i desse spørsmåla. Sidan 2019 har han vore direktør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Lund er utdanna samfunnsøkonom og har også bak seg ein politisk karriere i Arbeidarpartiet som statssekretær i Finansdepartementet 2009-2013 og byråd i Oslo 2017-2019. I 2014 var han sekretariatsleiar då Jens Stoltenberg var FNs spesialutsending for klima.

Torsdag 24.november kl.11.00: Tore Renberg

Et bilde som inneholder person, mann, ser, innendørs

Automatisk generert beskrivelse

Tore Renberg er ein av våre fremste, mest allsidige og produktive forfattarar. 50-åringen frå Stavanger har gitt ut nær 30 romanar, novellesamlingar og barnebøker. I tillegg har han skrive fleire teaterstykke og filmmanus. Han er også aktiv musikar, politikar og samfunnsdebattant.

Mange av våre medlemmer vil kjenna Renberg frå bøkene om Jarle Klepp og om Hillevågsgjengen, der handlinga er lagt til Stavanger, ofte med tydelege referansar til Renberg sitt eige oppvekstmiljø. Men frå første stund vart han også lagt merke til på den nasjonale litteraturscena. For debutboka “Sovende floke” fekk Renberg Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1995, og han har seinare fått ei rekkje andre prisar, mellom anna Bokhandlarprisen (to gonger), P2-lyttarane sin romanpris, Rogaland fylkes kulturpris og Nynorsk litteraturpris. To av dei nyaste og mest kritikarroste romanane, “Du er så lys” (2016) og “Tollak til Ingeborg” (2020) er skrivne på nynorsk, og språkskiftet til Renberg skapte både oppsikt og debatt.

Tore Renberg er kjend for å ha ordet i si makt også som foredragshaldar, og me kan lova medlemmene ein spennande og engasjerande time på det tradisjonelle litteraturmøtet før jul.

JSU sine møte startar kl. 11.00.

Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

Bli medlem!

Arkiv