Program hausten 2012

Torsdag 30.august
Hallvard Nordås: «Bakgrunnen for 22.07.2011 – den moderne terrorismens historie»

Hallvard Nordås født 1944 i Klepp. Cand filol. med hovudfag i moderne historie frå Universitetet i Oslo i 1972. Frå same året var han amanuensis, seinare førsteamanuensis, i historie ved Møre og Romsdal distriktshøgskole, Volda. Frå 1992 til 2006 var han førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Stavanger. Hallvard Nordås har hatt fascismen som særskilt interesseområde og spesialfelt. Han har skrive kulturhistoriske verk for Klepp og Gjesdal og elles publisert ei lang rekke artiklar med historiske emne. Han er ein mykje nytta foredragshaldar med eit vidt emneregister. Hallvard Nordås sit i styret for Jæren Senioruniversitet.

Torsdag 27. september
Tora Aasland: «Kunnskap og forvaltning»

Tora Aasland er født 1942 i Skien i Telemark. Cand.sociol. 1973 frå Universitetet i Oslo. Fylkesmann i Rogaland frå 1993. Forskings- og høgare utdanningsminister 2007-2012 med ansvar for politikken knytt til universitet og høgskular, forsking, studiefinansiering og fagskuleutdanning. Stortingsrepresentant for SV i Akershus frå 1985-1993. Visepresident i Odelstinget frå 1989-1993.

Torsdag 25. oktober
Sylfest Lomheim: «Tale er gull»

Sylfest Lomheim er født 1945 i Hafslo i Sogn. Han er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder. Han har skrive om omsetjing, omsetjingsteori, fagspråk og språknormering. Har arbeidd i NRK Fjernsynet og ved universitet i Frankrike. Språkkonsulent i NRK1980-1994 og medarbeidar i NRKs faste språkprogram sidan 1990. I sju år ga han Språkrådet eit ansikt og ei røyst som uredd, humørfylt og markant direktør og debattant.

Torsdag 29. november
Hallvard Ween: «Ka ska med leva av itte oljå?» – Med dette som utgangspunkt tek han ein «helikoptertur» over Rogaland med blikket retta både bakover, i nåtid og framover.

Hallvard Ween er født 1949 i Stavanger. Regiondirektør i NHO Rogaland. Han er utdanna i marknadsføring har lang og variert erfaring frå m.a. bedriftene Trallfa, Figgjo, Block Watne, Kulinarisk institutt og Stavanger Forum. Vidare er han mykje nytta i styrer, råd og utval i privat og offentleg sektor på næringspolitisk side, og då særleg i Rogaland og i vestlandssamanheng. Hallvard Ween er kjend for det sterke samfunnsengasjementet sitt. Han har skarpe og klare meiningar om utviklinga av fylket vårt og Vestlandet, utbygging og jordvern.

Comments are closed.