Program Hausten 2013

Torsdag 29. august:
Førsteamanuensis Arnvid Lillehammer: Vardalar på Jæren – Ein reisande familie gjennom to hundre år

Arnvid Lillehammer er utdanna mag. art i nordisk arkeologi. Han har verka i mange år som førstekonservator ved Arkeologisk museum i Stavanger og som
førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Stavanger. Han har arbeidd mykje med lokalhistorie og har ein omfattande produksjon med arkeologiske tema. Han er forfattar for første bind av Aschehougs Norgeshistorie.Temaet han skal ta føre seg, er dei reisande. Gjennom meir enn fem hundre år har det som på folkemunne er kalla fant eller tater, reist rundt i Noreg og drive handverk og handel. Den familien han skriv mest om, og som var den sentrale familien på Sørvestlandet, var vardalane. Dei kom til Rogaland og Jæren på 1700- talet og Lillehammer vil gi eit riss av soga deira med personhistorier som døme fram til byrjinga av 1900-talet. Han vil og koma inn på styresmaktene sitt forsøk på å busetja dei fast, eit initiativ som vart teke etter at teolog og samfunnsforskar Eilert Sundt i 1862 hadde publisert ein oversikten over desse reisande familiane. Fleire av dei vart buande på Jæren.

Torsdag 26. september:
Professor Øyvind Dahl:
Å forstå og bli forstått – interkulturell kommunikasjon

Dr. philos Øyvind Dahl er professor emeritus i kulturkunnskap og har lang tenestetid ved Misjonshøgskolen i Stavanger. Han tok initiativ til Senter for Interkulturell kommunikasjon (SIK) i Stavanger og har vore knytta til senteret i 10 år. Han har og vore generalsekretær i Digni (Bistandsnemnda) og lektor/rektor ved Lærarskole på Madagaskar i 6 år. Han har reist i 50 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika og skrive fleire bøker og artiklar om slektshistorie, misjon, bistand og interkulturell kommunikasjon.

Torsdag 31. oktober
Dosent Jan Opsal: Islam i moderne politikk

Jan Opsal har vore knytta til Misjonshøgskolen sidan 1996 som dosent, lærar og forskar i religionsvitskap. Han har brei innsikt i islam gjennom forskinga si på ulike sider ved islam og gjennom kontakt med muslimar i det norske samfunnet og ved omfattande reiseverksemd til Midtausten, Afrika, Asia, Europa og Nord-Amerika. Han har sett islam i funksjon i mange land både som majoritet og minoritet. Opsal har gjennom mange år bidrege til å spreia kunnskap om islam gjennom omfattande forfattarverksemd, foredrag og undervisning. Han har skrive ei brei innføring i religionen: «Islam, Lydighetens vei».

Torsdag 28. november
Professor Torleiv Bilstad: Siste nytt om vatn

Torleiv Bilstad er professor i miljøteknologi ved Universitet i Stavanger der han har vore sidan 1977. Bilstad er utdanna frå og verka ved University of Wisconsin i
USA 1968 – 1977. Her vart grunnlaget lagt for kunnskap om “vatn” lagt og separasjonsteknologi i vidaste tyding. Vår generasjon, seier Bilstad, etterlet seg ei bør som gir komande generasjonar store
utfordringar: Forureining av vatn, utrydding av dyr og planter, nedbygging av område for matproduksjon, rask forbruk av naturressursar og ein folkevekst som kloden ikkje maktar å takla.
Bilstad har heile verda som arbeidsfelt og har eit sterkt engasjement for utvikling og kompetanseoppbygging i u-land . Han har lenge vore ein pådrivar for bærekraftige løysingar og har i sterk grad medverka til å byggja bru mellom kompetansegrupper i ulike tekniske, politiske og internasjonale miljø.

Medlemer betaler ikkje inngangspengar på møta. Ikkje-medlemer betaler kr 100. Alle møta er i Time bibliotek frå kl. 11 til 13.
Vel møtt!

Comments are closed.