Program hausten 2014

Alle foredraga er i Time bibliotek med start kl. 11

Torsdag 28. august: Førsteamanuensis Lisbeth Prøsch-Danielsen, UiS

«Jærlandskapet i endring. Frå istid til nåtid.»

Lisbeth Prøsch-Danielsen er vegetasjonshistorikar ved Arkeologisk museum, UiS. Ho har særleg arbeidd med problematikk omkring avskoging og framvekst av lyngheia i Sørvest-Noreg, med endringar i havnivå, sunamiar og sandflukt. Nå arbeider ho mest med å kasta lys over landbrukshistoria i distriktet. Ho er ein av forfattarane til Hå kulturhistorie.

I foredraget vil Prøsch-Danielsen visa korleis det jærske landskapet har blitt forma gjennom geologiske prosessar og seinare gjennom mennesket si utnytting og bruk. Både berggrunnsgeologien og lausmassane isen skapte, har vore avgjerande for den seinare utviklinga av jordbruket. Parallelt med desse hendingane, har endringar i havnivået gjennom tidene ført til at landbremmen har vakse og minska, noko som har hatt store konsekvensar for menneska på Jæren.

Torsdag 25. september: Prosjektleiar Helge Bergslien, Måltidets Hus

«Smak og behag – det handler om å innfri forventninger.»

Helge Bergslien er prosjektleiar i matforsking. Han er humanfysiolog og har forska innan psykiske lidingar, og undervist i anatomi og fysiologi ved universitet og høgskular.

Dei siste 25 åra har hovudfokus hans vore på kunnskap om matoppleveing, matforsking og næringsutvikling. Smak som tema ligg i kunnskap om hjernen si behandling av sanseinntrykk og matfag.

I foredraget vil Helge Bergslien  gi ei kort innføring i smaksbegrepet. Han vil kopla dette mot hjernen si behandling av sanseinntrykk, og korleis dette igjen formar sanseopplevinga vår.

Torsdag 30. oktober: Forskingsleiar Arne Sæbø, Bioforsk Vest Særheim.

«Jordvern er et globalt, nasjonalt og lokalt tema. Verdens økende befolkningnmå få nok mat.»

Arne Sæbø er utdanna hagebrukskandidat med doktorgrad frå Ås i 1992. Forskinga hans handlar om korleis plantene responderer på miljøfaktorar der dei viktigaste er klima, gjødsling og stress. I dei seinare åra har urbane grøntareal og nytteverdiane deira vore i fokus.

Folketlet på jorda vil passera 9 milliardar omkring 2030. Auka behov for mat blir ei stor utfordring, særleg i dei landa som alt er svært folkerike. Kina kjøper opp land i Afrika med tanke på mat til eigne borgarar.  Matforsyning handlar i aukande grad om global politikk. Innan kort tid kan det bli mangel på viktige naturressursar som grunnlag for planteproduksjonen. Særleg gjeld dette mangel på fosforgjødsel.

Norsk landbruk produserer i dag mindre enn 40 % av den maten vi treng. Folketalet i Noreg aukar raskt og vil nå 6 millionar i 2030. Det er størst vekst i Oslo, Akershus og Rogaland. Presset på dyrka mark er stort. Vegar, bustader og næringsverksemder krev sitt. Urbaniseringa aukar.

Foredraget vil handla om behov for mat og grunnlaget for matproduksjon globalt, nasjonalt og lokalt. Vi må ta vare på dyrka og dyrkbar jord, slik at etterkomarane vår er sikra mat. Tidsperspektivet for jordvern må vera langt ut over interessa til vår eigen generasjon.

Torsdag 27. november: Rektor Inge Eidsvåg, Nansenskolen.

«Om aldringens forunderligheter, vemod og gleder.»

Inge Eidsvåg er lektor, journalist, forfattar og samfunnsdebatant. I 2013 ga han ei bok om dette temaet, og det er med utgangspunkt i denne han vil snakka.

Kva skjer med oss når vi blir eldre? Med livskjensla, tankane og perspektivet? Med kropp og sinn? Blir vi klokare med åra, eller er det ein myte? Kva med Hamsuns August og Ibsens Peer Gynt. Endra dei seg då dei vart eldre? Korleis har eldre menneske blitt sett på og behandla gjennom tidene? Er ungdomsdyrkinga noko nytt, eller er jakta på evig ungdom eit tidlaust fenomen?

Dette er nokre av spørsmåla Inga Eidsvåg vil prøva å svara

Comments are closed.