Program hausten 2015

 

27. august: Rein Aasland: Gener, genetikk og epigenetikk

reinDet er nå snart 15 år sidan DNA-sekvensen hos mennesket vart offentliggjort i form av ein “tekst” på vel tre milliardar basar frå dei 23 kromosoma våre. Men ennå har me ikkje heilt lært oss å lesa og tyda det “genetiske språket” som er koda i DNA-molekyla. Dette blir avgjerande for at me skal kunne bruka vår nye genetiske kunnskap til å forstå både normal utvikling, sjukdom og kreft.

Rein Aasland er frå Aasland i Time. Han er professor og instituttleiar for Molekylærbiologisk institutt ved Universitetet i Bergen, der han også tok doktorgraden sin i 1991. Han har hatt forskingsopphald i Heidelberg, München og London. Aasland har fleire verv i både norsk og internasjonal forsking, blant anna i Forskingsrådets programstyre for bioteknologi og EUs nye infrastruktur for bioinformatikk (ELIXIR).

 

24. september: Andreas Skartveit: Ytringsfridommens historie

andreasDette er eit aktuelt tema  som førelesaren har vore oppteken av gjennom heile yrkeskarrieren og som pensjonist.

Andreas Skartveit vart fødd på Finnøy i 1937, tok artium på Bryne 1956 og vart cand.philol. i 1965 med nordisk som hovudfag. Han begynte som programmedarbeidar i NRK i 1962 og var det til 1972. Han vart så forlagssjef i Det Norske Samlaget og redaktør i Syn og Segn. Karrieren vidare var ass. dir. i Gyldendal til han i 1980 til 1990 vart direktør i same forlaget. I tida 1991 -1993 var han direktør i NRK Fjernsynet. Andreas Skartveit er no pensjonist, men er aktiv som foredragshaldar og debattant i ulike fora.

 

29. oktober: Jan Inge Sørbø: Der andre såg gråstein, såg eg gull. Alfred Hauge som vestlandsforfattar

jan I oktober er det 100 år sidan forfattaren og journalisten Alfred Hauge vart fødd. I foredraget sitt vil Jan Inge Sørbø snakka om korleis Hauge brukar stoff frå Vestlandet og eigen bakgrunn i romanane sine. Hauge likte ikkje Garborg si uthenging av Vestlandet i boka “Det mørke fastland”, men sjølv rosemåla han heller ikkje, og han skreiv temmelig kritisk om sitt eige miljø. Sørbø vil visa korleis miljøskildringane i Hauge sine bøker blir ein kjerne i forfattarskapen hans.

Jan Inge Sørbø vaks opp på Bru i Rennesøy kommune.  Han er professor i litteratur og tilsett ved Høgskulen i Volda. Han har skrive skjønnlitterære og faglege bøker, mellom anna “Angen av bork og ein brennande einerbusk”, om Alfred Hauge. Sørbø har arbeidd  i Stavanger Aftenblad og er no kommentator i Dag og Tid.

 

26. november: Magnus Matningsdal: Høyesterett gjennom 200 år – sentrale avgjørelser og begivenheter og aktuelle problemstillinger

magnusHøgsterett er 200 år i år, men slo alt i 1818 fast at Høgsterett kunne prøva om forvaltningsvedtak er gyldige. Høgsterett såg seg midt på 1800-tallet kompetent til å prøva om lover er rette etter Grunnlova.  Frå historia er Høgsteretts handling hausten 1940 viktig. Då la alle dommarane ned embeta sine fordi okkupasjonsmakta krenka fridomen til domstolane. Sentrale problemstillingar i dag er internasjonalisering og tilhøvet mellom lovgivar og domstolar med omsyn til straffenivå.

Magnus Matningsdal er høgsterettsdommar, og vil frå september i år vera eldste dommar i ansiennitet etter justitiarius. Han er frå Hå, vart cand. jur. ved Universitetet i Bergen 1976 og professor ved Juridisk fakultet same staden 1987. Matningsdal har vore dommar ved Jæren sorenskrivarembete og førstelagmann ved Gulating lagmannsrett. Han har eit omfattande forfattarskap innan faga strafferett og straffeprosess.

Matningsdal har vore medlem av styret for Den norske Dommerforening, og i perioden 2003-2012 leiar for Nordisk foreining for prosessrett.

 

*********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,-

Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no Årskontingent kr 500,-

 

Comments are closed.