Program hausten 2016

 

25. august: Dag Årsland:  Demens – Førebygging og behandling

dagI takt med aukande antal eldre vil det dei neste 10-30 åra koma ein dramatisk auke av personar med demens både nasjonalt og globalt. Foredraget vil visa resultat frå ny forsking om diagnostikk og behandling av demens. Årsland vil i tillegg presentera det ein veit om å førebyggja utvikling av demens.

Dag Årsland (f.1959) er frå Bryne. Han er spesialist i psykiatri og forskingsleiar ved Senter for eldremedisin, Stavanger Universitets-sjukehus, og professor i alders-psykiatri ved Institute of Psychiatry, Psychology and Neuro-science ved King’s College London.

 

 

29. september: Åse Wetås: Norsk språk i dag og i framtida

åseI foredraget vil Åse Wetås (f.1972) gje ein tilstandsrapport for norsk språk i dag. Ho vil visa korleis Språkrådet arbeider for å styrkja språket vårt og for å sikra interessene til den einskilde språkbrukaren i Noreg. Ho kjem også nærare inn på tilhøvet mellom norsk og engelsk.

Åse Wetås er frå Sandnes. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap (dr. art.) frå Universitetet i Oslo. Ho var prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014 frå 2008. Frå 1. desember 2015 er ho direktør i Språkrådet, som første kvinne i denne stillinga. 

 

 

27. oktober: Ståle Olsen: Frå Opstad til Åna. Eit tilbakeblikk på institusjon og fangeskjebnar.

ståleStåle Julius Olsen (f.1947) bur i Sandnes, men er opphavleg frå Sauda. Han er utdanna historikar frå Universitetet i Bergen, og har arbeidd som lektor i skulen. Frå 1981 og fram til han blei pensjonert har han vore knytt til Vestre fengselsdistrikt/Åna fengsel, dei siste 15 åra som underdirektør. Olsen har skrive fleire bøker om Opstad/Åna, mellom anna Til Jæderen for å trille tåke i 2010. Han er særleg opptatt av tema som har med kriminalomsorgshistorie å gjera.

 

 

 

24. november: Anne Kalvig: Spiritisme: Samtalar mellom levande og døde  

anneKva har dette å seia for vår forståing av religion og det åndelege? Med utgangspunkt i boka Spiritisme utgjeven på Pax Forlag i år, vil Anne Kalvig halda eit foredrag om det mangfaldige og populære fenomenet dødekontakt, korleis me kan forstå dette, og kva tyding det kan ha for religionsforståinga vår.  Kommunikasjon som kryssar grensa mellom liv og død er knytt til eldre tiders folketru og til alternativ behandling. Dagens spiritisme kan sporast tilbake til 1848 med ein påfølgjande «spiritistisk farsott» i USA, Europa og Latin-Amerika.     

Anne Kalvig (f.1972) er professor i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Ho tok doktorgraden i 2011 med ei avhandling om alternativ terapi, og har gjeve ut fleire bøker, antologikapittel og artiklar om ulike emne innan samtidsspiritualitet, nyreligiøsitet og religion.

 

*********************

 

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,-

Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betalar kr 250,- ut året.

 

Comments are closed.