Program hausten 2017.

 

31. august: Tom Hetland: Kven vinn stortingsvalet?

11. september skal veljarane fella dommen over den blå-blå Solberg-regjeringa. Halvanna veke før valet tek politisk kommentator Tom Hetland temperaturen på valkampen. Kva saker vert dei avgjerande? Korleis har dei ulike partia klart seg? Kor sannsynleg er eit regjeringsskifte? Og har valkampen i oljefylket Rogaland særtrekk samanlikna med resten av landet?

tom-origTom Hetland (f. 1954) bur på Bryne og var i 30 år journalist, redaktør og politisk kommentator i Stavanger Aftenblad til han gjekk av i fjor. Nå er han frilansar, og analyserer mellom anna politikk for NRK.

 

 

28. september: Ingvar Byrkjedal: Status for vipa på Jæren

Vipa er tradisjonelt ein folkekjær og nærmast ikonisk fugl for Jæren. Familielivet til vipa er studert i detalj over ei årrekke, og arten har vist seg å driva med “fleirkoneri” i stor stil. Men medan hannane forsøker å skaffa seg flest mogleg hoer, er hoene uvillige til å dele hann med andre hoer. Eit spørsmål blir då korleis dette kan balanserast til begge makane vert tilfreds. I våre dagar har talet på viper minka dramatisk over heile Vest-Europa, også på Jæren. Føredraget vil belysa vipenes interessante levesett og til slutt komma inn på bestandsutviklinga og moglege årsaker til nedgangen.

ingvar origIngvar Byrkjedal (f. 1947) er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen med forskingsfelt hovudsakeleg innan fugleåtferd. Han har studert vipas familieliv på Jæren, men også utført undersøkingar over hekkebiologien til fleire vadefuglarter, bl.a. i høgfjellet og på arktisk tundra i Canada og Sibir.

 

 

26. oktober: Kjell Arild Pollestad: Luther 500 år etter

Føredraget tar utgangspunkt i det synet på Luther som prega det norske folk heilt opp til vår tid, ser vidare på korleis han vart vurdert i Den katolske kyrkja, og endar med nokre tankar om kva som har vorte resultatet av Luthers reformasjon i norsk kyrkjeliv.

Kjell ArildPater Kjell Arild Pollestad, fødd 1949 i Hå kommune, er katolsk prest, forfattar og omsetjar.

 

 

 

30. november: Siri Carlsen: Type 2 diabetes – ein folkesjukdom

Type 2 diabetes er vanleg – 220 000 nordmenn har fått diagnosen. I tillegg har mange type 2 diabetes utan å vita om det. Kva er type 2 diabetes? Korleis kan det førebyggjast? Og korleis skal ein behandlast dersom ein har fått diagnosen?”

siri origSiri Carlsen (f.1971) er frå Klepp. Ho er spesialist i hormonsjukdommar og har ein doktorgrad innan diabetes. Ho jobbar som overlege på diabetes/endokrinologisk poliklinikk på SUS.

 

 

 

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis,
andre betaler kr 100,-
Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no
Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betalar kr 250,- ut året.

Comments are closed.