Program hausten 2020

Program for haustsemesteret 2020

Torsdag 27

Erectile Dysfunction cialis the time) Most times.

. august: Sverre Nesvåg: Bør narkotikabruk avkriminaliserast?

image007

Sverre Nesvåg har lang erfaring som rusforskar og er i dag forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR).

Han har vore medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet som utgreier eit forslag om at narkotikabruk bør avkriminaliserast, og  at samfunnet i staden bør reagera med rådgiving og hjelp frå helsevesenet. Utvalet legg fram si tilråding før jul
.

I foredraget vil Sverre Nesvåg presentera grunngivinga for forslaget, samstundes som han spør om dette inneber ei endring i synet på narkotika eller ei endring i synet på kva samfunnet og styresmaktene skal regulera av borgarane si åtferd.

Torsdag 24. september: Siri Bjorland: Korsryggplager – fysisk skade eller ufarleg tilstand?

image009

Siri Bjorland frå Bryne er ryggspesialist og overlege ved Ullevål sykehus i Oslo. Nyleg tok ho doktorgraden på ei avhandling om smerter i korsryggen.

I foredraget vil ho visa at det har vore eit skifte i måten legane forstår, forklarer og handterer slike plager på dei siste 50 åra. Fram til tusenårsskiftet var den biomedisinske tenkinga rådande. Den baserte seg på at det eksisterer ein spesifikk skade i ryggsøyla hos pasientar med korsryggsmerter. Kirurgisk behandling viste likevel ingen positiv effekt. I dag blir korsryggplager vurderte som ein benign (godarta) tilstand med samansette årsaker, og pasientane vert oppmoda til normal aktivitet og trening.

Torsdag 29. oktober: Jan Arild Snoen: Presidentvalet i USA 2020

snoen

 

 

 

 

Det nærmar seg presidentval i USA. Utfallet av valet har stor interesse for heile verda. I foredraget vil han ta for seg utviklingstrekk i amerikansk politikk og visa korleis landet er blitt stadig meir polarisert. Han vil ta temperaturen på innspurten av valkampen og analysera kva som til slutt kan avgjera utfallet.
Jan Arild Snoen er forfattar, samfunnsdebattant og kommentator i tidsskriftet Minerva, med amerikansk politikk som spesialfelt. Han har i haust gitt ut boka Trump-sjokket – hvordan kunne han vinne – og kan han vinne igjen? Snoen har med seg boka for sal og signering

Torsdag 26.november: Kalle Moene: Den ulike likheten – om forskjeller i Norge

image011

Kalle Moene er professor emeritus i økonomi ved Universitetet i Oslo. Han er kjend som ein engasjerande førelesar og ein uredd og spissformulert samfunnsdebattant. Moene er også ein fast, populær gjest på økonomifestivalen KåKåNomics i Stavanger, der han i 2019 vart heidra med Kverulantkatedralens økonomipris.

Kalle Moene vil mellom anna snakka om korleis dei økonomiske forskjellane har utvikla seg i Norge samanlikna med andre land, kva som er drivkreftene for slike forskjellar og kva som kan gjerast for å redusera dei, om det er politisk ønskeleg.

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,- .

Du kan melda deg inn i JSU ved å klikka her. Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

Comments are closed.