Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Program hausten 2021

Program hausten 2021

Program for haustsemesteret 2021

Torsdag 26 august kl.11.00: Einar Haukås: Kva skjer i kreftforskinga?

image007Kreft er ein av dei største folkesjukdommane i Norge. Ein tredel av alle nordmenn vil oppleva å få ein kreftdiagnose før dei har fylt 75 år.

Dei siste åra har kreft passert hjarte- og karsjukdommar som den viktigaste dødsårsaka i landet. Om lag 11.000 nordmenn døyr av kreft kvart år. Samstundes er det stadig fleire som overlever kreftsjukdommen. Tre av fire som har fått kreftdiagnose er framleis i live etter fem år, mange med høg livskvalitet. Behandlingsresultata varierer likevel framleis sterkt frå krefttype til krefttype.

Kunnskapen om førebygging og behandling av ulike kreftformer er i stadig utvikling. I foredraget vil Einar Haukås fortelja om den nyaste utviklinga innan kreftforsking og kreftbehandling.

Einar Haukås er frå Bryne, og arbeider til dagleg som seksjonsoverlege ved Klinikk for blod- og kreftsjukdommar på Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Torsdag 30. september kl.11.00: Anne Mangen: Lesing på skjerm og papir

image005Kor langt skal digitaliseringa av skulen gå, og kor fort skal me gå fram? Kor tidleg skal barna få nettbrett, og er papirbøkene snart avleggs? Diskusjonen rasar blant politikarar, foreldre, skulefolk, forfattarar og andre.

På den eine sida blir det hevda at skulen ikkje har noko anna val enn å tilpassa seg digitaliseringa av samfunnet, og at utfordringa i staden må vera å utvikla betre digitale læremiddel og bruka dei på ein fornuftig måte. På den andre sida meiner mange at skulen har kasta seg ut i eit dristig eksperiment, der naiv tru på digitalisering kan enda opp med å gjera meir skade enn gagn.

Men kva seier eigentleg forskinga om dette spørsmålet?

Dagens foredragshaldar, Anne Mangen, er ein av våre fremste forskarar på dette feltet. Ho er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.

Torsdag 28. oktober kl.11.00: Ine Fintland: Kva skjedde med jødane på Jæren under 2.verdskrig?

image005Alle veit at mange norske jødar, også frå Rogaland, blei drepne i Tyskland under krigen. Det ikkje så mange kjenner til, er at det norske samfunnet og dei lokale styremaktene kort tid etter at jødane var sende ut av landet, faktisk aksepterte at dei aldri ville koma tilbake hit. I dette føredraget skal vi følgja nokre av dei som var busette i Sør-Rogaland, mellom andre familien Becker som var busett på Bryne. Vi skal også få eit innblikk i korleis ein gjennom å kombinera ulike skriftlege kjelder, som arkivmateriale, aviser og litteratur, kan laga ganske så sannferdige forteljingar om liva til einskildmenneske

Ine Fintland er førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger. Ho er utdanna lektor med hovudfag i nordisk språk og litteratur. Dei seinare åra har ho arbeidd mykje med bruk av arkivkjelder i forsking og undervising.

Torsdag 25.november kl.11.00: Tore Renberg:

image007Tore Renberg er ein av våre fremste, mest allsidige og produktive forfattarar. 49-åringen frå Stavanger har gitt ut nær 30 romanar, novellesamlingar og barnebøker. I tillegg har han skrive fleire teaterstykke og filmmanus. Han er også aktiv musikar, politikar og samfunnsdebattant.

Mange av våre medlemmer vil kjenna Renberg frå bøkene om Jarle Klepp og om Hillevågsgjengen, der handlinga er lagt til Stavanger, ofte med tydelege referansar til Renberg sitt eige oppvekstmiljø. Men frå første stund vart han også lagt merke til på den nasjonale litteraturscena. For debutboka “Sovende floke” fekk Renberg Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1995, og han har seinare fått ei rekkje andre prisar, mellom anna Bokhandlarprisen (to gonger), P2-lyttarane sin romanpris, Rogaland fylkes kulturpris og Nynorsk litteraturpris. To av dei nyaste og mest kritikarroste romanane, “Du er så lys” (2016) og “Tollak til Ingeborg” (2020) er skrivne på nynorsk, og språkskiftet til Renberg skapte både oppsikt og debatt.

Tore Renberg er kjend for å ha ordet i si makt også som foredragshaldar, og me kan lova medlemmene ein spennande og engasjerande time på det tradisjonelle litteraturmøtet før jul.

************************************

JSU sine møte startar kl. 11.00.

Du kan melda deg inn i JSU her: Innmelding i JSU

Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

JSU sine møte startar kl. 11.00.

 Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

 

Bli medlem!

Arkiv