Program våren 2012

26.01.2012 Erling Pettersen

Cand. theol. frå Menighetsfakultetet 1977. Lærarstilling i etikk ved Universitetet i Oslo. Ordinert til prest i Den norske kyrkja 1979, misjonsprest for NMS i Brasil, Instituttstyrar for Kirkelig pedagogisk senter og direktør i Kirkerådet. Utnemnd til biskop i Stavanger i 2009.

Erling Pettersen foreles over temaet ”Identitet og dialog”.

23.02.2012 Jan Bjarne Bøe

Professor i historie ved Universitetet i Stavanger. Dr.art. på ei avhandling om ”De utsatte på Jæren”. I tillegg til psykiatrihistorie har han arbeidd med ideologiar, barndommens historie, barn og historieforteljingar, historiebruk og utvikling av historiebevissthet hos barn og unge – og piratar i Karibia.

Jan Bjarne Bøe foreles over temaet ”De utsatte på Jæren. Privatpleien mellom økonomi og terapi”.

22.03.2012 Sverre Nesvåg

Hovudfag i Sosialantropologi 1983. Dr. philos i 2005 på ei avhandling om alkoholkulturar i norsk arbeidsliv. Frå 2008 forskingsleiar ved KORFOR (Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest) og førsteamauensis II ved Senter for rus og avhengighetsforskning, Universitetet i Oslo. Medlem i fleire nasjonale arbeidsgrupper og utval. Tildelt Fagrådets pris i 2007, Dr. Osacar Olsens pris i 2010 og Rusmiddelmisbrukernes interesseorganisasjons brukerpris 2011.

Sverre Nesvåg foreles over temaet ”Alkoholbruk og det gode pensjonistlivet – endringer i alkoholbruk blant middelaldrende og eldre”.

26.04.2012 Martha J. Ulvund

Professor og seksjonsleiar ved Norges veterinærhøgskole, Institutt for produksjonsdyrmedisin, Seksjon for småfeforskning og husdyrhelse, Sandnes.

Cand. med. vet i 1969 frå Norges veterinærhøgskole, Dr. scient (patologi) i 1974 frå Norges veterinærhøgskole, Dr.med. vet i 1990 frå Norges veterinærhøgskole og Europeisk spesialist i småfehelse (Diplomate, Small Ruminant Health and Management, Dip. ECSRHM) i 2008. Brei vitskapleg produksjon med mange refererte artiklar, konferanse proceedings, bøker og/eller kapittel i bøker. Medlem i mange akademiske og profesjonelle komitear, nasjonalt og internasjonalt.

Martha J. Ulvund foreles over temaet ”Veterinærmedisin – en utfordring for mennesker og dyr”.

31.05.2012 Egil Harald Grude

Cand. filol. med historie hovudfag frå Universitet i Oslo 1972. Han har bl.a. vore leiar for Stavanger Sjøfartsmuseum, Fylkeskonservator i Rogaland og Fylkeskultursjef i Rogaland.

Har skrive bøker og ei lang rekke artiklar, bl.a. Stavanger havns historie og Egersunds historie fram til 1880.

Egil Harald Grude vil vera ”historisk guide” på JSU sin ekskursjon til Egersund og Sokndal med innlagt omvisning på Kverner og Titania. Lunsj i Sokndal. Kostnad for buss og lunsj om lag kr 600. Medlemmer er prioriterte. Meir informasjon om påmelding m.m. i eigen ekspedisjon seinare.

Comments are closed.