Program våren 2013

Torsdag 31.januar:
Torstein Jørgensen:
Rogaland og Roma – Rogalandsbrev til Paven

Torstein Jørgensen er professor i kyrkjehistorie ved Misjonshøgskolen og ved Senter for middelalderstudier ved UiB. Han har m.a. arbeidd med historiske religionsskifteprosessar. Sidan slutten av 1990-talet spesialstudium i Vatikanarkivet i Roma der han fann om lag 150 hittil ukjende middelalderbrev frå Noreg til pavestolen. I breva søkjer folk m.a. paven om absolusjon for ulike synder. Frå dette studiet har han gitt ut to bøker: Brev til Paven – Norske forbindelser med Den hellige stol i senmiddelalderen, og Synder og Pavemakt – Botsbrev fra Den norske kirkeprovins og Suderøyene til Pavestolen 1438-1531. Foredraget ved JSU vil byggja på og gje smakebitar frå desse siste studia.

Torsdag 28.februar:
Pål Dag Line:
Organtransplantasjonar i Noreg

Lege Pål Dag Line er avdelingsleiar for Avdeling for transplantasjonsmedisin ved Oslo universitetssykehus. Utdanna lege i 1987 med medisinsk doktorgrad frå UiO i 1996. Spesialist i generell kirurgi, karkirurgi og transplantasjonskirurgi (European Board of Surgery). Styremedlem og Noregs representant i Scandiatransplant. Leiarutdanning frå Norges Handelshøgskole.

Torsdag 21.mars:
Bjørn HilleMed Jæren friluftsråd – Ute heile året


Bjørn Hille er dagleg leiar i Jæren friluftråd. Tidlegare lærar i Bjerkreim kommune og deretter kultursjef i same kommune. Fritidssjef i Sandnes 1994-2000. Frå 2001 dagleg leiar i Jæren friluftsråd. Han har i mange år vore med i frivillig arbeid for barn og unge. Ansvar for Bjerkreimrevyen i 25 år og meiner sjøl at han er «meir eller mindre gal».

Torsdag 25.april:
Jostein Berglyd:
Jærbuer i krigsdrama – Forspill og tragedier 1940-1942


og Asgeir Lode: Engladsfararane – Ein jærsk tragedie 1941-1945

To forfattarar – to bøker – same tema

Jostein Berglyd er cand. philol med historie hovudfag, engelsk og tysk. Han har arbeidd som lektor i vidaregåande skole, og har gitt ut ni bøker. Dei fleste med tema frå perioden 1939-1945. Operasjon Freshman (2005) vakte stor merksemd og blei oversett til engelsk og svensk. Dramaet i Jøsingfjorden (2008) blei kjøpt inn av Norsk Kulturråd.

Asgeir Lod er cand.philol./ lektor med hovudfag i historie. Han er journalist i Stavanger Aftenblad. I boka som kom ut i oktober 2012 har han gjort djupdykk i historia om far sin, Tønnes S. Lode, og dei andre englandsfararane. Ei histoirie som har vore fortia i generasjonar og som var i ferd med å forsvinna for alltid.

Torsdag 30.mai:
Wenche Frølich:
Sunn mat gir god livskvalitet


Wenche Frølich har vore professor i mat- og ernæringsvitskap ved Universitetet i Stavanger sidan 2001. Ho er utdanna biokjemikar frå Universitetet i Oslo og har doktorgrad og dosentgrad i industriell ernæring og matvarekjemi frå Lunds Universitet i Sverige. Leiarutdanning frå Norges Handelshøgskole. Ho har vore medlem i nærare 90 styre og komitéar nasjonalt og internasjonalt; mellom anna styreleiar i Forbrukarrådet, diverse styre i Norges Forskningsråd, Bioteknologinemda, Statens Ernæringsråd, Vitenskapskomitéen for Mattrygghet, bedømmingskomitár for ulike universitet i Austerrike og Sverige, og ei rekke EU prosjekt og komitéar i Bryssel. Ofte brukt av media i dialogar, debattar og som artikkelforfattar. I tillegg til mange vitskaplege artiklar, har ho skrive over 900 populærvitskaplege artiklar og er forfattar av 15 bøker.

Comments are closed.