Program våren 2015

Alle møta er i Time bibliotek med start kl. 11.00.

Torsdag 29. januar

Jostein Soland: Framfor kommunereforma.

Då formannskapslovene vart innførte i 1837, fekk landet 392 kommunar. Dette talet har veksla gjennom åra. Siste store kommunereforma hadde vi i 1965. Nå står ei ny kommunereform for døra.

Har regionen funksjonelle kommunegrenser i dag ? Korleis påverkar og driv ulike aktørar utviklinga i forskjellige retningar, både på kort og lang sikt ? Vil ein ny kommunestruktur vera til nytte for innbyggjarane i regionen ?  Kva betyr  kommunestrukturen for slike saker som dobbeltspor på Jærbanen og jordvern, og kva har denne å seia for kommunane i regionen si moglegheit for å henta inn midlar frå sentrale styresmakter i Oslo ?  Vi reknar med at Jostein Soland vil ha interessante tankar og klare spissformuleringar kring dette temaet.

Jostein Soland er pensjonist. Han var adm.direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen. Han har vore tilsett ved Universitetet i Stavanger og har verka ved andre universitet i inn- og utland. Han har og vore adm.dir./ansv.redaktør for Rogaland Mediesenter, TV-Vest  og  informasjonsansvarleg i Rogaland fylkeskommune. Han har elles hatt ei rekke verv i privat og offentleg sektor, og han har markert seg i samfunnsdebatten.

Torsdag 26. februar

Toril Nag: Det digitale samfunnet – et blikk i krystallkulen.

Vi har  opplevd ei utruleg utvikling innan digital teknologi, og det ser ikkje ut til å stoppa. Toril Nag har betre føresetnader enn dei fleste av oss til å spå om kva som kan skje vidare. Ho vil koma inn på utviklinga innan smarte heimar og andre område. Kan hende seier ho noko om kva seniorar kan forstå og nyttiggjera seg av utan å måtta ty til barnebarna.

Toril Nag er frå Stavanger. Ho er sivilingeniør i Computer Science frå University of Strathclyde (Glasgow) 1988 og har leiarutdanning frå Handelshøyskolen BI.  Ho er nå konserndirektør for teleområdet i Lyse-konsernet, og er aktiv i ei rekke utval og råd, mellom anna styreleiar i Altibox AS og Noralarm AS, og styremedlem i VERDIKT, Forskningsrådet sitt store program for IKT satsing.

Torsdag 26. mars

Tina Søreide: Korrupsjon – mekanismar og mottiltak.

Tina Søreide vil  i fordraget sitt ta opp det høgst aktuelle temaet korrupsjon. Ho vil sjå på kva typar korrupsjon som finst  i privat og offentleg sektor, nasjonalt og internasjonalt, og kva mottiltak som vert sette inn for å kjempa mot dette uvesenet.  Sidan 1999 har Tina Søreide studert korrupsjonsrelaterte utfordringar i ei rekke industriar, statlege etatar og land. Ho har gitt ut mange fagpublikasjonar om temaet. Vi er særs heldige som får ein anerkjent spesialist som Tina Søreide til senioruniversitetet.

Tina Søreide er frå Bryne. Ho er samfunnsøkonom med doktorgrad frå Norges Handelshøgskole. Nå er ho postdoktor ved juridisk fakultet, UiB. Der studerer ho strafferett og tiltak mot korrupsjon. Ho har permisjon frå forskarstillinga si ved  Chr. Michelsens Institutt.

Torsdag 30. april

Kjartan Fløgstad: Om daning og barbari.

Dei tre siste romanane til Fløgstad handlar om manglande oppgjer med fascistiske ideologiar. Med utgangspunkt i nyare forsking på Det tredje riket og dei tre romane Grense Jakobselv, Nordaustpassasjen og Magdalenafjorden,  vil Kjartan Fløgtad fortelja om korleis menneske med høg utdanning og låg moral var nøkkelpersonane bak det store sivilisasjonssamanbrotet i Europa i det førre hundreåret.

Kjartan Fløgstad er frå Sauda og ein av Noregs fremste og mest produktive forfattarar. Forfattarskapen spenner frå sakprosa og essays til romanar og lyrikk. I 1978 fekk Fløgstad Nordisk råds litteraturpris for romanen Dalen Portland. I denne og fleire andre bøker tek Fløgstad utgangspunkt i industristaden Lovra (= Sauda), m.a. i romanen  Grand Manila, som «heile Rogaland» les hausten 2014.

Torsdag 28. mai

Carl Aasland Jerstad: Kva skal eg leva av? Om rett til erstatning ved personskade.

Carl Aasland Jerstad vil i foredraget sitt ta  opp dei  vilkåra som må vera oppfylte for å kunna ha rett til erstatning: Tap/skade, årsakssamanheng og ansvarsgrunnlag. Han vil så gå inn i dei ulike erstatningspostane vi har, og reglar som gjeld for utmåling av erstatning. I foredraget vil det og bli nytta eksempel spesielt med tanke på senioruniversitet sitt publikum.

Avslutningsvis vil han seia litt om endringar som kan koma i lov- og regelverket.

Carl Aasland Jerstad er frå Bryne. Han er cand. jur. frå Universitetet i Bergen 1992 og Master of Law frå King’s College i London 1996. Han har spesialområde innan personskadeerstatningsrett og  er partnar i Haver Advokatfirma Stavanger/Bryne. Han fekk møterett for Høgsterett i 2007.

Comments are closed.