Program våren 2016

Torsdag 28. januar. Cato Schiøtz: Å samle på Arne Garborg i førsteutgaver

Foredrag i samarbeid med Garborgsenteret

cato Arne Garborg har brei appell – ikkje bare til lesarar, men òg til bibliofile, dvs. dei som er glade i førsteutgåver. Det er som kjent meir ved ei bok enn bare innhaldet. Foredraget skal m.a. dreia seg om kva bøker og småtrykk som Arne Garborg publiserte i si levetid. Korleis såg dei ut: Er dei sjeldne? Og kva kostar dei?

Cato Schiøtz, fødd 1948, var universitetslektor og dommarfullmektig i perioden 1975 – 1978. Han begynte å arbeida i Advokatfirmaet Schjødt 1. desember 1978 og blei partnar i januar 1983. Han har m.a. hatt ein omfattande prosedyrepraksis med ca. 40 saker i Høgsterett.

Frå 1980 bygde Schiøtz opp ei av landets største samlingar med norsk skjønnlitteratur i førsteutgåver. I tillegg har han i ei årrekkje vore sentral i den antroposofiske rørsla og har her hatt fleire tillitsverv.

Torsdag 25. februar. Pål Iden: Kvalitet i helsetjenesten. Tilsynsmyndighetens rolle.

pålFørelesinga vil omhandla arbeidet med tilsyn og kvalitetsforbetring innan helse-, sosial- og barnevernstenesta. Dette er ei viktig oppgåve for fylkeslegeembetet.

Pål Iden er fylkeslege i Rogaland. Han er frå Sandnes og har medisinsk embetseksamen frå Universitetet i Bergen. Før han vart fylkeslege i Rogaland, hadde han same stilling i Telemark frå 2006. Iden er spesialist i samfunnsmedisin, med fartstid frå kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste. Han er med i styringsgruppa for  Det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet.

Torsdag 31. mars. Hans Vik: Politireforma – tankar om eit moderne nærpoliti i bygd og by

hansMålet for Stortinget med reforma er eit nærpoliti som er operativt, synleg og tilgjengeleg, og som har kapasitet og kompetanse til å førebyggja, etterforska og påtala kriminelle handlingar, og sikra tryggleik for innbyggjarane. Politireforma vil redusera antal mål og oppgåver i politiet, for å konsentrere innsatsen om kjerneoppgåvene.

Hans Vik (52) er politimeister i Rogaland politidistrikt. Han er jurist og har politiutdanning i tillegg til befalsskule og landbruksskule. Vik har arbeidd i politiet sidan han slutta i Forsvaret etter 2 års teneste. Han har bakgrunn som etterforskar i Oslo og i Kripos, operativ teneste og UP i Rogaland. Frå 2001 arbeidde han som politiadvokat og politiinspektør før han vart visepolitimeister i 2009. I 2007 var han kst. statsadvokat.

Torsdag 28. april. Sigve Erland: Drivkreftene som var i sving då jærindustrien blei bygd opp

sigveForedraget vil ta for seg utviklinga frå dei første spirene til industri starta med panneverket på Sandnes på 1780 talet. Då landbruket vakna etter fleire hundreår i dvale, kom nye tankar, metodar, maskinar etc. Foredraget vil konsentrera seg om utviklinga i Jærregionen med landbruksmaskinindustri, mølleverksemd, meieri, ullproduksjon, husproduksjon, Brøyt mm. Dei menneskelege trekka er viktige: Arven, kulturen, drivkreftene i personane og evna til å omskapa visjonar til aktivitet, verdiskaping og arbeidsplassar.

Sigve Erland er fødd og oppvaksen på Bryne i jærsk industri og handelsmiljø  (Erlands Maskin og Serigstad Maskinfabrikk). Erland er utdanna ingeniør og siviløkonom. Han har arbeidd i jærindustrien frå han var nyutdanna og fekk stilling som salssjef på Kyllingstad Plogfabrikk AS. Seinare var han disponent i Felleskjøpet Rogaland og Agder med ansvar for sal og service av landbruksmaskinar. Frå 1988 var han adm.dir. i Serigstad AS fram til 2001 då han  starta eiga verksemd, Jærkonsult AS. Han er m.a. aktiv eigar og styreleiar i Reime Agri AS.

Torsdag 26. mai. Jan Kristian Hognestad: Mennesket og språket

jan kristian'I dette foredraget vil nokre av dei «store» spørsmåla om språk bli stilte: Er alle språk eigentleg i slekt med kvarandre på ein eller annan måte? Har alle språk noko felles i strukturen? Viss ja, kva kan det eventuelt vera? Kvifor endrar språk seg ulikt i ulike typar samfunn? Finst det språk i dag som har enklare grammatikk enn andre?

Jan K. Hognestad er førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han har doktorgrad i fonologi og har m. a. forska på tonelag i norsk. På UiS underviser han i språkstrukturelle emne, og han driv også utstrekt formidlingsverksemd på sitt fagområde gjennom foredrag og arbeid for TV og radio (særleg Språkteigen i P2 og NRK Rogaland).

************************************

 

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,-

 

Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår. Årskontingenten er kr 500,-

 

 

 

Postadr.: Kong Magnusgt. 19, 4344 Bryne

E-post:  post@jaeren-senioruniversitet.no                      

Heimeside:  www.jaeren-senioruniversitet.no

Organisasjonsnummer: 996 979 075

Bankkonto: 3325.38.18609

Comments are closed.