Program våren 2017

Jæren SeniorUniversitet (JSU)

 

26. januar: Sigbjørn Reime: Arne Garborgs «Fred» – ein vital og aktuell 125-åring

sigbjornI 2017 er det 125 år sidan Garborgs Fred kom ut. Jæren SeniorUniversitet vil i samarbeid med Garborgsenteret markera dette jubileet, og me har fått vår eigen lokale ekspert til å halda foredrag om boka.

Sigbjørn Reime (f. 1945) er pensjonert lærar og kulturformidlar med nær femti års teneste i Time kommune. Etter over tretti år som lærar gjekk Reime til kulturavdelinga i kommunen, der han i nærare tjue år hadde ansvaret for kulturstadene. Reime har modernisert og redigert fleire av dei mest kjende Garborgverka, m.a. Fred, og har skrive fleire bøker om Arne Garborg.

 

23. februar: Håvard Søiland: Brystkreft

havardBrystkreft har til alle tider vore ein frykta sjukdom. Statistikken viser at  over 3000 nye kvinner vert ramma i Noreg kvart år. Brystkreft har historisk sett vore ein “modellsjukdom” som har bana veg for fleire paradigmeskifte i kreftforskinga. Desse har ført til betre prognosar for behandling av brystkreft dei seinare åra. I sitt foredrag vil Søiland visa at det enno finst uløyste gåter ved sjukdomen som forskingsgruppa hans vil knekka.

Håvard Søiland (f.1962) er frå Søyland i Hå. Han er spesialist i Bryst- og endokrinkirurgi, leiar for Forskingsgruppe for Brystkreft ved Stavanger Universitetssjukehus og professor i kirurgi ved Klinisk Institutt 2  ved Universitetet i Bergen.

 

30. mars: Solveig Aareskjold: Ansikt til ansikt

solveigForedraget vil handla om kjærleiken i norrøn litteratur, med utgangspunkt i den småpornografiske Bosesoga og dei meir seriøse islandske ættesogene. Aareskjold vil òg koma inn på to lokale kvinner som begge heitte Astrid. Den eine er søster til Olav Tryggvason, som blei gift med Erling Skjalgsson på Sola. Den andre er mor hans, som var frå Obrestad. Ho levde eit omflakkande og dramatisk liv, var på flukt i fleire år og blei endåtil seld som slave. Likevel mista ho aldri trua på sitt eige verd.

Solveig Aareskjold (f. 1949) bur i Sandnes. Ho arbeidde som lektor ved Stavanger katedralskole til ho blei forfattar på heiltid. Debutboka var romanen Det indre tempel (1987). Den første essayboka heitte Kyss meg i diskursen og kom i 1996. Siste utgjevingar er Valkyrjesong, Vikingtida i spenn frå Bysants til Island (2012) og Lesebok for jenter (2014). Ho skriv kvar laurdag i Klassekampen i spalta Solveigs salt.

 

 

27. april: Gina Lende: Mot ei meir religiøs verd?

ginaLenge spådde vestlege kommentatorar at religion vil forsvinna som maktfaktor i samfunnet. Men globalisering og framvekst av demokrati og ny teknologi ser ut til å ha bidratt til at det motsette skjer. Lende vil i dette foredraget trekkja nokre store linjer om endring innanfor islam og spesielt kristendom dei siste tiåra, med døme frå Latin-Amerika og Afrika.  

Gina Lende (f. 1974) er frå Bryne/Sandnes og bur nå i Oslo. Ho har ein doktorgrad i religionsvitskap og har i fleire år arbeidd med internasjonal politikk, fred og konflikt, først og fremst på Institutt for Fredsforsking (PRIO) og i dei seinare åra på Det teologiske Menighetsfakultetet.  

 

1. juni (merk dato): Mímir Kristjánsson: Sammen er vi mindre alene

mimirMímir Kristjánsson (f. 1986) er nyhetssjef i Klassekampen og forfattar. Han er bekymra for at dei store fellesskapa i samfunnet vårt forvitrar. Enten det gjeld kyrkja, verneplikta for menn, dei store industribedriftene, massemedia, arbeidarrørsla eller dei store partia, så møtest me på stadig færre arenaer. Me går frå å vera naboar til å berre bu ved sida av kvarandre, slik Einar Gerhardsen sa. I staden for Felles-Norge får me ein stadig meir ekstrem individualisme. Kva gjer denne utviklinga med oss som samfunn og kan me gjera noko som helst for å stoppa den? 

 

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis,
andre betaler kr 100,-
Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no
Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betalar kr 250,- ut året.

 

Comments are closed.