Program våren 2018

Jæren SeniorUniversitet (JSU)

25. januar: Ottar Grepstad: Dølen mot jærbuen – nye forteljingar om Vinje og Garborg

ottarOttar Grepstad (f. 1953) tok examen artium ved Bryne gymnas i 1973 og vart cand. philol. frå Universitetet i Bergen i 1984. Frå 1999 har han vore direktør i Nynorsk kultursentrum, som m.a. eig og driv Aasen-tunet i Ørsta

. Ottar Grepstad har gitt ut om lag 40 bøker, mellom dei Historia om Ivar Aasen (2013) og Vinje-bibliografien (2017)
.

Møtet er i samarbeid med Garborgdagane 2018

 

22. februar: Øystein Fjetland Øgaard: Aldring og alderdom i den digitale tidsalderen.

øystein2Befolkninga vert stadig eldre. Dette krev omstilling i helsevesenet. Samtidig som det vert færre hender på fleire pasientar, aukar forbrukarkrava og forventningane til valfridom. Kommunen vert pressa av både brukarane og staten, begge med høge krav til tenestestandard. Kommuneøkonomien hjelper ikkje til
. Finst det noko som kan hjelpa til, eller må me senka krava?

Øystein Fjetland Øgaard (f. 1977) er kommuneoverlege og sjukeheims-lege i Time. Han er spesialist i allmennmedisin og har også arbeidd som fastlege i fleire år.

 

8
. mars: Spurven og divaen

Kveldsarrangement i Storstova i samarbeid med Time historielag og Livsgledefestivalen 2018

brit-synnøve2eva2Ei framsyning om levd liv, kjærleik og venskap. Ein venskap mellom to artistar der føresetnadene er totalt forskjellige, men éin ting er felles: Dei lever begge eit liv i det offentlege. I venskapen finn dei trøyst og styrke hos kvarandre.

Edith Piaf og Marlene Dietrich var to verdskjende artistar sterkt knytte til tida rundt 2. verdskrig. Dei var totalt forskjellige i uttrykk, bakgrunn, stil og liv, men utvikla likevel ein nær venskap som varte livet ut. Framsyning gir eit innblikk i livet deira, tida dei levde i og musikken dei vart kjende for.

Medverkande: Britt-Synnøve Johansen, Eva Bjerga Haugen (artistar), Svein Ragnar Myklebust (piano), Theodor Barsnes Onarheim (kontrabass)  Pris: 375,-

 

26. april: Kjersti Hetland: Kina – den asiatiske tigeren på spranget til supermakt   

kjersti2Kina gjennomgår for tida ei rivande og spanande utvikling. Føredraget vil gi oss innsikt i  bakgrunn og føresetnad for den aukande politiske og økonomiske påverknaden Kina har i verdssamfunnet.

Førelesinga byggjer mellom anna på at ho har studert og jobba i Kina i til saman to og eit halvt år.

Kjersti Hetland er frå Bryne og er journalist i NRK Rogaland. Ho har studert kinesisk språk, og har ein master i kinesisk samfunn og politikk.

 

31. mai: Målfrid Braut Hegghammer: Diktatorar og kjernevåpen

målfrid2Diktatorar med kjernevåpen er ei av dei mest dramatiske utfordringane for internasjonal tryggleik. Diktatorar vil gjerne ha slike våpen, men mislukkast ofte med å produsera dei. Kvifor? Denne forelesinga vil diskutera feilslåtte kjernevåpenprogram i Irak og Libya, og kva vi veit om diktatorar som lukkast. Foredragshaldaren vil avslutningsvis beskriva kva vi veit om Nord-Korea sin kjernevåpenstrategi.

Målfrid Braut-Hegghammer (f. 1980) er frå Klepp og er førsteamanuensis ved Institutt for Statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Tidlegare har ho vore stipendiat ved Stanford og Harvard. Ho fekk doktorgraden frå London School of Economics i 2009. I 2016 publiserte ho boka Unclear Physics: Why Iraq and Libya failed to build nuclear weapons, som fekk brei internasjonal omtale. Målfrid Braut-Hegghammer har også vore på trykk i fleire kjende internasjonale media.

 

 

 

 

*********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis,
andre betaler kr 100,- Merk at dette ikkje gjeld for arrangementet i Storstova 8. mars.
Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no
Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betalar kr 250,- ut året.

Comments are closed.