Program våren 2019

Jæren SeniorUniversitet (JSU)

Program for vårsemesteret 2019

Torsdag 24. januar. Gudleiv Bø: Jesus frå Jæren. Arne Garborgs kristendom.

image001Arne Garborg voks opp som kristen, og steig fram i det offentlege livet som ein kristen intellektuell. Men han utvikla seg snart til ein engasjert kyrkjekritikar. I det kjende essayet “Troen på livet” frå 1895 argumenterer han for at “ærefrykt for livet” er ei form for religiøsitet. Vidare utover på 1890-talet held han fram kyrkjekritikken sin, samstundes som han lanserer ein alternativ kristendom – først og fremst basert på evangelia sine forteljingar om Jesus frå Nasaret . Foredraget legg særleg vekt på det som skjer med Garborgs livssyn etter “Troen på livet” og er ein del av Garborgdagane 2019.

Gudleiv Bø (f.1939) frå Bærum var professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo fram til han gjekk av for aldersgrensa i 2009. Han har gitt ut bøker om Garborg, om Ibsen, om folkedikting og populærlitteratur og om den nasjonale tematikken i norsk litteraturhistorie. Boka «Jesus fra Jæren», som tittelen på foredraget er henta frå, kom i 2018.

Torsdag 28. februar. Jostein Magnussen: «Tingenes internett», kunstig intelligens og stemmestyrte dingsar

image003Representerer internett løysinga på verdas problem eller starten på undergangen?

Dei fleste er einige om at utviklinga av nye teknologiar går fort, men det er mange ulike meiningar om kva retning dette tek oss menneske i. Nettgründar Jostein Magnussen tek i foredraget for seg tre ulike teknologiar, går gjennom korleis dei verkar og kva dei kan brukast til nå og i framtida. Så inviterer han til diskusjon om kva konsekvensar dette vil ha for oss som enkeltmenneske og samfunn.

Jostein Magnussen (f. 1973) frå Bryne er cand. polit. i psykologi frå NTNU. Han starta digitalbyrået Netlife i 2001. Det har nå 100 tilsette og jobbar med digitale løysingar for store norske bedrifter og offentlege verksemder. Jostein held 20 – 30 foredrag i året for alt frå bankbransjen til energibransjen og dei som digitaliserer det offentlege.

Torsdag 28. mars. Kristian Steinnes: Brexit – kvifor, korleis og kva nå?

image005Storbritannia sitt forhold til den europeiske integrasjons-prosessen i etterkrigstida er ei historie om spenningar og ambivalens. Heilt sidan «leave»-sida gjekk sigrande ut av folkerøystinga sommaren 2016 har Brexit prega britisk og dels også europeisk politikk og samfunnsdebatt. Brexit er ei stor og utfordrande sak. Sentrale spørsmål i foredraget er: Kva betyr Brexit for Storbritannia – og for Europa? Kva har skjedd, kor står saka, og kva er vegen vidare? Foredraget vert halde dagen før Storbritannia går ut av EU

Kristian Steinnes (f. 1963) frå Finnøy er professor i moderne europeisk historie ved NTNU i Trondheim. Han har vore opptatt av politiske og økonomiske prosessar i Europa i det 20. hundreåret, med eit særleg blikk på perioden etter 1945. Hans ekspertise knyter seg mellom anna til den europeiske integrasjonsprosessen, EU og Storbritannia.

Torsdag 25. april. Siri Kalvig: Greier Rogaland det grønne skiftet?

image007

Stavanger har vore Norges oljehovudstad i over førti år. Ein svært stor del av arbeidsplassane i Stavanger og Rogaland er avhengige av oljå. Nå må me omstilla oss, både fordi me treng meir fornybar energi og fordi regionen har bruk for fleire økonomiske bein å stå på. Korleis kan Stavanger og Rogaland klara skiftet frå oljehovudstad til reint energilaboratorium? Siri Kalvig, sjef for det nye statlege klimainvesteringsfondet Nysnø, gir sine

vurderingar av kor me står, og kva som må til for å lukkast.

Siri Kalvig (f. 1970) frå Stavanger er utdanna meteorolog og vart kjend som vêrmeldar på TV2. Ho har vore administrerande direktør i vêrvarselselskapet Storm Weather Center, som vart etablert i 1997. I 2014 tok ho doktorgraden i offshoreteknologi ved Universitetet i Stavanger. Frå 2018 er ho administrerande direktør i det nyoppretta statlege klima-investeringsfondet Nysnø, som held til i Stavanger.

Torsdag 23. mai. Ove Njå: Kan me føla oss trygge i tunnelane?

image009Mot slutten av 2019 opnar Ryfast, fastlandssambandet mellom Nord-Jæren og Ryfylke med til saman over 20 km undersjøiske tunnelar. Samstundes er arbeidet i gang med Rogfast, som skal binda Nord- og Sør-Rogaland saman. Boknafjordtunnelen blir den lengste undersjøiske tunnelen med sine 26,7 km. Mange er skeptiske til å køyra gjennom så lange tunnelar, og konsekvensane av ein brann eller andre former for ulukker kan bli dramatiske. Kva tiltak blir gjort for å gjera den undersjøiske trafikken så trygg som mogleg?

Ove Njå (f. 1963) frå Kvernaland er professor ved Universitetet i Stavanger (UiS) tilknytt fagmiljøet risiko-styring og samfunnstryggleik. Spesialområda som han forskar og underviser i, er risikoinformert styring, beredskapsplanlegging, krisehandtering og ulukkesgransking. Njå har også erfaring frå ingeniørarbeid i byggebransjen og petroleumsindustrien. I dag leier han forskingsprosjektet «Kapasitetsløft – tunnelsikkerhet», som skal pågå fram til 2023.

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,- . Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

Comments are closed.