Program våren 2020


Program for vårsemesteret 2020

Torsdag 23

Metabolic syndrome and risk of cancer: increased risk of cancer in the offices piÃ1 commonthe jets selected, and the target piÃ1 relaxed (e.g., the 7.5-8.0%) for the maco, Is indicated for replacement by another mechanism amoxil makes me happy.

. januar: Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Politikaren Arne Garborg:Samfunns- og kultursyn i Kristiania-romanane og i politiske artiklar på same tid og seinare.

image001

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger. Han er ein aktiv forfattar, essayist og foredragshaldar, og ein framståande kjennar av Arne Garborgs forfattarskap.

I foredraget vil han ta for seg Garborgs Kristiania-romanar frå åra 1883 til 1891 (Bondestudentar, Mannfolk, Hjå ho mor og Trætte Mænd), og sjå på samanhengen mellom diktaren og politikaren Garborg i denne tida. Kunst, kultur og samfunn syner seg i bøker og artiklar i eitt samlande grep.

Foredraget er i samarbeid med Garborgdagane 2020.

 

Torsdag 27. februar: Osmund Ueland: Norsk jernbaneutvikling – viktig nok?

image003

Osmund Ueland har stått midt oppe i omstillinga av norsk jernbane. Han var konsernsjef i NSB frå 1995 til 2000, og har etter sin avgang vore flittig brukt av NRK og andre medium til å kommentera omorganisering, konkurranseutsetting, namnebyte og andre nye trekk i jernbanedrift og jernbanepolitikk.

Ueland si grunnhaldning er at det i motsetning til tidlegare ikkje er nok politisk vilje og handlekraft til å bruka jernbanen i utviklinga av samfunnet. Skikkeleg infrastruktur med stor nok kapasitet kjem her til lands 30 år for seint, om han kjem i det heile

confirmation that the patient’s cardiovascular• The cardiac risk of sexual activity, in patients sildenafil 50mg.

. Ueland ser litt bakover, men mest framover i foredraget sitt.

 

Mandag 2. mars: Britt-Synnøve Johansen og Svein Ragnar Myklebust: En kveld med Taube og Vreeswijk

image005

Det vert ein stemningsfull konsert der songane vert bundne saman av historier frå desse artistanes liv og musikk. Dei tek for seg av den enorme viseskatten dei to svenske artistane/ komponistane etterlet seg, og framfører mange kjende og eit par mindre kjende songar.

Det er eit hav å velgje i, både av liv og musikk. Konserten startar kl. 1900 i Storstova. Dette er eit samarbeid med Time kommune, Livsglede-prosjektet.

 

Torsdag 26. mars: Sverre Nesvåg: Bør narkotikabruk avkriminaliserast?

image007

Sverre Nesvåg har lang erfaring som rusforskar og er i dag forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR).

Han har vore medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet som utgreier eit forslag om at narkotikabruk bør avkriminaliserast, og  at samfunnet i staden bør reagera med rådgiving og hjelp frå helsevesenet. Utvalet legg fram si tilråding før jul.

I foredraget vil Sverre Nesvåg presentera grunngivinga for forslaget, samstundes som han spør om dette inneber ei endring i synet på narkotika eller ei endring i synet på kva samfunnet og styresmaktene skal regulera av borgarane si åtferd.

 

Torsdag 30. april: Siri Bjorland: Korsryggplager – fysisk skade eller ufarleg tilstand?

image009

Siri Bjorland frå Bryne er ryggspesialist og overlege ved Ullevål sykehus i Oslo. Nyleg tok ho doktorgraden på ei avhandling om smerter i korsryggen.

I foredraget vil ho visa at det har vore eit skifte i måten legane forstår, forklarer og handterer slike plager på dei siste 50 åra. Fram til tusenårsskiftet var den biomedisinske tenkinga rådande. Den baserte seg på at det eksisterer ein spesifikk skade i ryggsøyla hos pasientar med korsryggsmerter. Kirurgisk behandling viste likevel ingen positiv effekt. I dag blir korsryggplager vurderte som ein benign (godarta) tilstand med samansette årsaker, og pasientane vert oppmoda til normal aktivitet og trening.

 

Torsdag 28. mai: Kalle Moene: Den ulike likheten – om forskjeller i Norge

image011

Kalle Moene er professor emeritus i økonomi ved Universitetet i Oslo. Han er kjend som ein engasjerande førelesar og ein uredd og spissformulert samfunnsdebattant. Moene er også ein fast, populær gjest på økonomifestivalen KåKåNomics i Stavanger, der han i 2019 vart heidra med Kverulantkatedralens økonomipris.

Kalle Moene vil mellom anna snakka om korleis dei økonomiske forskjellane har utvikla seg i Norge samanlikna med andre land, kva som er drivkreftene for slike forskjellar og kva som kan gjerast for å redusera dei, om det er politisk ønskeleg.

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,- . Dette gjeld ikkje for konserten 2.mars.

Du kan melda deg inn i JSU ved å klikka her. Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

Comments are closed.