Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Program våren 2022

Program våren 2022

Program for vårsemesteret 2022

Torsdag 27. januar:
Per Buvik: Garborgs Trætte Mænd som ironisk tidsdokument

image001I 1891 gav Arne Garborg ut romanen Trætte Mænd, som er blitt ein av hans mest lesne og omdiskuterte. Romanen tek temperaturen på eit tidsskilje. Dei politiske kampåra på 1880-talet vart avløyste av ei meir individualistisk, distansert og dekadent tidsånd. I litteraturen veik naturalismen plass for nyromantikk.

Garborgs utstrekte bruk av ironi har gitt opphav til svært ulike tolkingar av romanen. Buvik argumenterer i foredraget sitt for at hovudpersonen Gabriel Gram er oppriktig i sin religiøse lengsel og vilje til å endra livet sitt, og at Garborgs ironi ikkje underminerer alvoret i dei problema som romanen tek opp.

Per Buvik er professor emeritus i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har særleg arbeidd med fransk litteratur og har vore engasjert i fransk-norsk kultursamarbeid. Buvik har også vore redaktør for tidsskriftet Norsklæraren og redaksjonssekretær i tidsskriftet Edda.

Foredraget er ein del av programmet for Garborgdagar 2022.

Torsdag 24. februar:
Magnus Matningsdal: Tankar frå eit liv som dommar

image003Jærbuen Magnus Matningsdal har i fleire tiår vore ein av Norges fremste juristar. Han tok juridisk embetseksamen i 1976 og doktorgraden i 1986. Året etter vart han utnemnd til professor ved Universitetet i Bergen. Matningsdal var dommar ved Jæren sorenskrivarembete frå 1989 til 1996, og førstelagmann i Gulating lagmannsrett frå 1996 til 1997.

I 1997 tok han sete som dommar i Høgsterett, ei stilling han hadde fram til han fylte 70 og gjekk av for aldersgrensa i fjor haust. I samband med avgangen vart han utnemnd til Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden. Magnus Matningsdal har også vore forfattar eller medredaktør for fleire sentrale juridiske verk, og medlem av Straffelovkommisjonen. Han er framleis aktiv forfattar og undervisar.

I foredraget vil Matningsdal snakka om rolla som dommar, og om viktige – eller kuriøse – saker han har behandla. Han vil også reflektera over utviklinga i den norske rettsstaten og korleis synet på ulike former for kriminalitet har endra seg gjennom dei 50 åra han har følgt rettsvesenet på nært hald.

Torsdag 31. mars:
Anne Spurkland: Immunforsvaret og covid-19. Hva har vi lært av pandemien?

image005Forskar og professor Anne Spurkland ved Universitetet i Oslo er spesialist i immunologi og ein av våre fremste formidlarar av medisinsk kunnskap. I 2021 fekk ho to prestisjefylte formidlingsprisar, frå Universitetet i Oslo og frå Forskingsrådet. Same året gav ho ut boka Frisk nok! Håndbok i immunforsvar – eit svært aktuelt tema i lys av covid-19-pandemien.

Ho oppsummerer temaet sitt slik: «Covid-19-pandemien er resultatet av et dårlig forberedt immunforsvar. Veien ut av pandemien har vært avhengig av vaksiner som virker og som folk er villig til å ta. I foredraget vil jeg snakke både om hvorfor immunforsvaret ikke var forberedt på covid-19, hva vi har lært av pandemien, ikke minst i forhold til vaksiner, vaksinemotstand og fordeling av vaksiner, og hva vi forhåpentligvis kan gjøre bedre neste gang.»

Torsdag 28. april:
Kai Eide: Afghanistan – mot ei ny mørketid?

image007Afghanistan har ei turbulent historie. Den norske toppdiplomaten Kai Eide trekker linjene frå den sovjetiske invasjonen i 1979 til borgarkrig, Taliban-styre og ein amerikansk-leia invasjon i 2001. I august 2021 var Taliban tilbake ved makta. Menneskerettar blir igjen brutalt sette til side. Samtidig er landet trua av ein humanitær katastrofe.
Kva førte Afghanistan dit? Er det NATO og Vesten som har skulda – eller er det langt meir komplisert?

Kai Eide var FNs spesialutsending til Afghanistan i åra 2008-2010. Han har følgt landet frå 2003 og fram til i dag. Eide har pleia kontaktar med både den afghanske regjeringa og med Taliban gjennom heile denne tida. Han har også vore Norges ambassadør i NATO og er ein av Norges mest erfarne diplomatar gjennom de siste tiåra.

Torsdag 19. mai:
Victor Norman: Distrikts-Norge – utvikling eller forgubbing?

image009Dei siste åra har protestane hagla mot kommunesamanslåingar og nedleggingar av lokalsjukehus, fødeavdelingar, skular og lensmannskontor. Distriktsopprøret har vore ei viktig årsak til Senterpartiet sin framgang og dermed til regjeringsskiftet hausten 2021.

Men lar sentraliseringa og urbaniseringa seg snu? Det regjeringsoppnemnde Demografiutvalet, leia av professor Victor Norman, peika i 2020 på at det for første gong i historia ikkje vert fødd nok barn i distrikta til å oppretthalda folketalet. Om ikkje Distrikts-Norge skal bli ein naturskjønn gamleheim, krevst det langt meir radikale og utradisjonelle tiltak enn me har brukt til nå.

Victor Norman er professor emeritus i samfunnsøkonomi ved Norges handelshøyskole, og ein aktiv samfunnsdebattant. Som arbeids- og administrasjonsminister (H) i Bondevik II-regjeringa flytta han i 2003 sju statsetatar ut av Oslo.

************************************

JSU sine møte startar kl. 11.00.

Følg med på heimesida for informasjon om stad for møta.

Du kan melda deg inn i JSU her: Innmelding i JSU

Årskontingent kr 500,-.

Bli medlem!

Arkiv