Siste møte i haustsemesteret

Tore Renberg kom ikkje,men 60 personar kom for å høyra Svein Egil Omdal  fredag 26.november. Tittelen på føredraget var “Stavanger forma Norge, men fyrst forma Jæren Stavanger”. Han snakka varmt om Stavanger, og kor viktig Stavanger var og er, samanlikna med andre byar i Norge. Han viste til kor viktig Jæren har vore i utviklinga av Stavanger slik byen står fram i dag.Han var innom mange område som har betydd mykje for utviklinga frå siste del av 1800 talet og fram til  i dag. Det var eit svært interessant føredrag som vart framført på ein fengande og underhaldande måte. Det vart ei flott avslutting på ei godt semester.

Vi har laga tradisjon av å ha ei framføring av Nordnorsk julesalme på siste møtet før jul. I år var det Sigrid Stangeland Lygren som song, og Åse Helgeland som spelte piano til.

This entry was posted in Nyheiter. Bookmark the permalink.

Comments are closed.