Status juni 2020

Våren 2020 har vore ein annleis vår, og slik har det og vore for aktiviteten på Jæren Senioruniversitet. Nå håper vi at vi skal få starta opp att i haust. Det er  gjort avtale med dei forelesarane som skulle ha vore i vår, og dei ville alle koma i haust. Planen er då å starta opp med Sverre Nesvåg 27.august, men med bare 50 tilhøyrarar. I tillegg til Siri Bjorland i september og Kalle Moene i november, vil Jan Arild Snoen førelesa om det komande presidentvalet i USA i oktober.

Då håper vi at alt blir bra, og haustaktiviteten kan gå som planlagt.

This entry was posted in Nyheiter. Bookmark the permalink.

Comments are closed.