Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Tore Renberg Torsdag 24. november kl 11:00

Tore Renberg Torsdag 24. november kl 11:00

Tore Renberg er ein av våre fremste, mest allsidige og produktive forfattarar. 50-åringen frå Stavanger har gitt ut nær 30 romanar, novellesamlingar og barnebøker. I tillegg har han skrive fleire teaterstykke og filmmanus. Han er også aktiv musikar, politikar og samfunnsdebattant.

Mange av våre medlemmer vil kjenna Renberg frå bøkene om Jarle Klepp og om Hillevågsgjengen, der handlinga er lagt til Stavanger, ofte med tydelege referansar til Renberg sitt eige oppvekstmiljø. Men frå første stund vart han også lagt merke til på den nasjonale litteraturscena. For debutboka “Sovende floke” fekk Renberg Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1995, og han har seinare fått ei rekkje andre prisar, mellom anna Bokhandlarprisen (to gonger), P2-lyttarane sin romanpris, Rogaland fylkes kulturpris og Nynorsk litteraturpris. To av dei nyaste og mest kritikarroste romanane, “Du er så lys” (2016) og “Tollak til Ingeborg” (2020) er skrivne på nynorsk, og språkskiftet til Renberg skapte både oppsikt og debatt.

Tore Renberg er kjend for å ha ordet i si makt også som foredragshaldar, og me kan lova medlemmene ein spennande og engasjerande time på det tradisjonelle litteraturmøtet før jul.

Bli medlem!

Arkiv