Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Torsdag 25. mai kl.11.00: Kjersti Gravelsæter Berg: Kva skjer i Midtausten?

Torsdag 25. mai kl.11.00: Kjersti Gravelsæter Berg: Kva skjer i Midtausten?

 Konflikten mellom israelarar og palestinarar i Midtausten vil ingen ende ta. Etter det siste regjeringsskiftet i Israel har spenninga auka endå nokre hakk, og ei fredsløysing kan synast fjernare enn nokon gong. I foredraget vil Kjersti Gravelsæter Berg snakka om bakgrunnen for konflikten og korleis me skal forstå den siste utviklinga. Ho vil også koma inn på FN og det internasjonale samfunnet si rolle, den spesielle situasjonen i Jerusalem og kva som skjer på bakken i dei okkuperte områda.

Kjersti Gravelsæter Berg er frå Bryne og bur og arbeider i Bergen. Ho er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen og tilknytt Chr. Michelsens Institutt som forskar. Berg har doktorgrad i historie frå Universitetet i Bergen og har i fleire år forska på og undervist om Midtaustens historie, Israel-Palestina-konflikten, flyktningspørsmål, internasjonal bistand og menneskerettar. Ho er aktuell med boka “Palestina – fakta på bakken”, som kom ut på Universitetsforlaget før påske.

Bli medlem!

Arkiv