Sven Egil Omdal: Nordmennene i Sachsenhausen

Torsdag 31. august kl.11.00: 

Sven Egil Omdal: Nordmennene i Sachsenhausen

Rundt 2500 nordmenn var fangar i den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen under krigen. Dei kom frå alle samfunnslag. Bønder og arbeidarar, professorar og legar, fiskarar og kjøpmenn svalt saman, sleit saman og drøymde saman. Ironisk nok la nazistane på denne måten til rette for ein politisk verkstad for heilt andre idear enn nazismen.

I konsentrasjonsleiren vart det lagt planar for eit betre Norge etter krigen. I norskebrakkene fanst det to komande statsministrar og seks framtidige statsrådar som skulle medverka til det. Blant dei var Einar Gerhardsen og Stavanger-mannen Sven Oftedal, som vart sosialminister i Gerhardsens første regjering og ein nøkkelperson i å byggja den nye velferdsstaten.

Sven Egil Omdal (f. 1953) har skrive den første samla framstillinga av nordmennene i leiren. Omdal har bakgrunn som journalist og redaktør. Han har gitt ut fleire bøker og er kjend for Senioruniversitetet sine medlemmer som ein framifrå foredragshaldar.

Posted in Nyheiter | Leave a comment

FOREDRAG OG KONSERT MED ELIAS AKSELSEN 8. JULI

Elias Akselsen - Christianssand Protestfestival

ARRANGEMENTET ER DESSVERRE AVLYST PÅ GRUNN AV SJUKDOM

Ranglerock-festivalen på Bryne får i år besøk av den kjende songaren Elias Akselsen, vår fremste tolkar av tatersong-tradisjonen. Jæren senioruniversitet kjem i den samanhengen med eit spesialtilbod til medlemmene våre: Eit foredrag om taterfolket og hans eiga historie med forteljing og song.

Staden er Storsalen, laurdag 8. juli klokka 11.00. Medlemmer i JSU kan kjøpa billett til 100 kr. Billett kan kjøpas på lenka under.

https://ranglerock.ticketo.events/no/nb/m/e/elias_akselsen_om_taterlivet

Posted in Nyheiter | Leave a comment

Torsdag 27. april kl.11.00: Sissel Gran: Inni er vi alltid unge

Et bilde som inneholder person, briller

Automatisk generert beskrivelse

 «I en av de store vindusflatene så jeg plutselig et glimt av moren min, høy, tynn, med et litt steilt ganglag og et ubekvemt uttrykk i ansiktet. Problemet var bare at moren min var død for mange år siden. Personen i vinduet var meg.»

Slik skildrar psykolog Sissel Gran det brå møtet med sin eigen alderdom i boka «Inni er vi alltid unge» frå 2019. I boka deler ho sine tankar om aldring, og spør seg mellom anna om det kan finnast uventa gleder å henta i aldringsprosessen. I foredraget tar ho oss med i desse refleksjonane.

Sissel Gran (f. 1951) er ein av Norges mest kjende psykologar. Ho jobbar som parterapeut, coach, førelesar og forfattar. Ho er sterkt opptatt av kunnskapsformidling og opplysning, ho har skrive for fleire riksaviser i ei årrekke, og er kjend som ein fengslande og fargerik foredragshaldar.

Foto: Kristoffer Myhre

 

Posted in Nyheiter | Leave a comment

Torsdag 25. mai kl.11.00: Kjersti Gravelsæter Berg: Kva skjer i Midtausten?

 Konflikten mellom israelarar og palestinarar i Midtausten vil ingen ende ta. Etter det siste regjeringsskiftet i Israel har spenninga auka endå nokre hakk, og ei fredsløysing kan synast fjernare enn nokon gong. I foredraget vil Kjersti Gravelsæter Berg snakka om bakgrunnen for konflikten og korleis me skal forstå den siste utviklinga. Ho vil også koma inn på FN og det internasjonale samfunnet si rolle, den spesielle situasjonen i Jerusalem og kva som skjer på bakken i dei okkuperte områda.

Kjersti Gravelsæter Berg er frå Bryne og bur og arbeider i Bergen. Ho er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen og tilknytt Chr. Michelsens Institutt som forskar. Berg har doktorgrad i historie frå Universitetet i Bergen og har i fleire år forska på og undervist om Midtaustens historie, Israel-Palestina-konflikten, flyktningspørsmål, internasjonal bistand og menneskerettar. Ho er aktuell med boka «Palestina – fakta på bakken», som kom ut på Universitetsforlaget før påske.

Posted in Nyheiter | Leave a comment

Torsdag 23. februar kl.11.00: Tora Aasland: Samvirke mellom frivillighet og offentlig beredskap. Hvordan møte framtidige kriser?

Et bilde som inneholder person, utendørs, kvinne, smilende

Automatisk generert beskrivelse

 Beredskap har kome høgare på den politiske dagsordenen. Dramatiske hendingar som 22. juli-terroren og krigen i Ukraina har medverka til det, det same har ras, brannar og ulukker som viser at også det moderne, høgteknologiske samfunnet kan vera sårbart. Og ikkje alle utfordringar kan løysast berre med profesjonelt mannskap. I mange tilfelle er det dei frivillige som er først på staden.

I doktorgradsavhandlinga som ho forsvarte i 2022, set Tora Aasland søkelyset på den frivillige innsatsen i beredskapsarbeidet, og korleis dei frivillige på best måte kan samvirka med det profesjonelle, offentlege apparatet. Foredraget byggjer på dette arbeidet. Blant spørsmåla Aasland drøftar, er: Korleis finn ressursane kvarandre? Lærer me av våre erfaringar frå krig og kriser? Korleis handtera spenninga mellom det sentrale og lokale? Og kva er god beredskapsleiing?

Tora Aasland (f. 1942) bur i Time. Ho har hatt ei rekkje framståande verv, mellom andre stortingsrepresentant for SV (1985-1993), fylkesmann i Rogaland (1993-2007) og forskings- og høgare utdanningsminister (2007-2012).

 

Posted in Nyheiter | Leave a comment

Torsdag 30. mars kl.11.00: Victor Norman: Distrikts-Norge – utvikling eller forgubbing?

Et bilde som inneholder person, mann, vegg, dress

Automatisk generert beskrivelse

 Dei siste åra har protestane hagla mot kommunesamanslåingar og nedleggingar av lokalsjukehus, fødeavdelingar, skular og lensmannskontor. Distriktsopprøret har vore ei viktig årsak til Senterpartiet sin framgang og dermed til regjeringsskiftet hausten 2021.

Men lar sentraliseringa og urbaniseringa seg snu? Det regjeringsoppnemnde Demografiutvalet, leia av professor Victor Norman, peika i 2020 på at det for første gong i historia ikkje vert fødd nok barn i distrikta til å oppretthalda folketalet. Om ikkje Distrikts-Norge skal bli ein naturskjønn gamleheim, krevst det langt meir radikale og utradisjonelle tiltak enn me har brukt til nå.

Victor Norman (f. 1946) er professor emeritus i samfunnsøkonomi ved Norges handelshøyskole, og ein aktiv samfunnsdebattant. Som arbeids- og administrasjonsminister (H) i Bondevik II-regjeringa flytta han i 2003 sju statsetatar ut av Oslo.

 

Posted in Nyheiter | Leave a comment

Torsdag 26. januar kl.11.00: Jan Zahl: Det mørke fastland etter 100 år

Et bilde som inneholder person, klær, mann

Automatisk generert beskrivelse

 I artikkelserien «Fra det mørke fastland», som stod på trykk i Verdens Gang januar-mars 1893, teikna Arne Garborg eit dystert bilete av Stavanger og Jæren. Han skildra ein landsdel prega av gledeslaus pietisme og primitiv kulturløyse. Garborg smurde tjukt på, og mange har meint at han var urettferdig. Men uttrykket har blitt hengande ved oss, og ikkje eingong oljealderen har greidd å ta heilt knekken på det.

Hundre år er gått sidan Garborg skreiv artiklane sine. Korleis tek dei seg ut i ettertid? Var Garborg berre fordomsfull og sur, eller sette han fingeren på ømme punkt? Og finst det trekk ved den rogalandske kulturen og mentaliteten Garborg skildrar som ein framleis kan kjenna seg igjen i?

Jan Zahl (f. 1969) er frå Bryne og arbeider som kulturjournalist i Stavanger Aftenblad. Han har skrive fleire bøker, mellom andre «Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra» (2006) og «Bryne. Portrett av ein by» (2008).

Foredraget er ein del av programmet til Garborgdagane 2023.

 

Posted in Nyheiter | Leave a comment

Kjetil Lund: Den dyrebare krafta Torsdag 27. oktober kl 11:00


Norge har i lang tid vore velsigna med billeg, fornybar elektrisk kraft. I framtida vil dette også vera ein endå viktigare ressurs med tanke på det grøne skiftet.

Men sist vinter vart hushaldningar og næringsliv ramma av eit «straumsjokk», då elprisen steig kraftig. Det skapte stor politisk uro, med krav om tiltak for å få tilbake ein stabil, låg kraftpris. Samstundes fekk me ein debatt om kva me skal prioritera å bruka kraftressursane til i framtida

properly assessed and advised patients.ED does not refer to penile curvatures, spontaneous or viagra bestellen berlin.

associated with significantly less efficacy than directManufacture and control The manufacturing process consists ofblending, screening, lubrication, roller compaction, and compression. canadian viagra.

shown broad spectrum efficacy in a majority of patientsscrubbing floors 3-6 cialis otc usa.

. Datasenter, elektrifisering av sokkelen, elbilar og elbussar, ny grøn industri og auka eksport vil til saman krevja meir straum enn me har tilgjengeleg i dag, og ny utbygging av vasskraft og vindkraft møter protestar.

Kva gjer me i denne situasjonen? Korleis bør krafta prioriterast? Bør me behalda krafta sjølv, eller leggja til rette for meir eksport? Kor mykje ny kraft kan bli tilgjengeleg gjennom utbygging eller sparing? Må me berre venna oss til ein høgare og meir variabel straumpris?

Vigrestadbuen Kjetil Lund står midt oppe i desse spørsmåla. Sidan 2019 har han vore direktør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Lund er utdanna samfunnsøkonom og har også bak seg ein politisk karriere i Arbeidarpartiet som statssekretær i Finansdepartementet 2009-2013 og byråd i Oslo 2017-2019. I 2014 var han sekretariatsleiar då Jens Stoltenberg var FNs spesialutsending for klima.

Posted in Nyheiter | Leave a comment

Tore Renberg Torsdag 24. november kl 11:00

Tore Renberg er ein av våre fremste, mest allsidige og produktive forfattarar. 50-åringen frå Stavanger har gitt ut nær 30 romanar, novellesamlingar og barnebøker. I tillegg har han skrive fleire teaterstykke og filmmanus. Han er også aktiv musikar, politikar og samfunnsdebattant.

Mange av våre medlemmer vil kjenna Renberg frå bøkene om Jarle Klepp og om Hillevågsgjengen, der handlinga er lagt til Stavanger, ofte med tydelege referansar til Renberg sitt eige oppvekstmiljø. Men frå første stund vart han også lagt merke til på den nasjonale litteraturscena. For debutboka «Sovende floke» fekk Renberg Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1995, og han har seinare fått ei rekkje andre prisar, mellom anna Bokhandlarprisen (to gonger), P2-lyttarane sin romanpris, Rogaland fylkes kulturpris og Nynorsk litteraturpris. To av dei nyaste og mest kritikarroste romanane, «Du er så lys» (2016) og «Tollak til Ingeborg» (2020) er skrivne på nynorsk, og språkskiftet til Renberg skapte både oppsikt og debatt.

Tore Renberg er kjend for å ha ordet i si makt også som foredragshaldar, og me kan lova medlemmene ein spennande og engasjerande time på det tradisjonelle litteraturmøtet før jul.

Posted in Nyheiter | Leave a comment

Jørn Øyrehagen Sunde: Demokratiet og rettsstaten i fare Torsdag 29. september kl 11:00

Demokrati, rettsstat og menneskerettar er avløyste av autoritære regime i Russland, Ungarn,
Polen og Tyrkia. Den positive utviklinga i land som Kina og India har snudd,
og sjølv i USA og Storbritannia har utviklinga dei siste åra vore urovekkjande. Då er
det ikkje tale om tilfeldige episodar, men om ein global trend. Krigen i Ukraina viser kor gale det kan gå når kritikk og maktkontroll ikkje lenger er mogeleg.

Kva er årsakene til denne utviklinga, og korleis kan den best møtast for å ta vare på demokratiet, rettsstaten og menneskerettane – grunnleggjande kvalitetar ved samfunnet
slik me kjenner det?

Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og rettshistorikar. Han har vore professor ved Universitetet i Bergen, men har frå 2019 vore tilknytt Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. For tida leier han eit prosjekt om politiets historie i Norge. Sunde er ein uvanleg aktiv formidlar, og det kan nemnast at han også er tilknytt Baroniet i Rosendal i heimkommunen Kvinnherad som historikar.

Posted in Nyheiter | Leave a comment