Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Program vidare

Program vidare

Som vanleg var det fullt hus i september. Om lag 125 høyrde fylkesmann Tora Aasland sitt velformulerte og innsiktsfulle foredrag om kunnskapen sin betydning i god forvaltning.

Torsdag 25.10. kjem

Sylfest Lomheim. Tittelen på foredraget hans er Tale er gull.


Sylfest Lomheim er født 1945 i Hafslo i Sogn. Han er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder. Han har skrive om omsetjing, omsetjingsteori, fagspråk og språknormering. Har arbeidd i NRK Fjernsynet og ved universitet i Frankrike. Språkkonsulent i NRK 1980-1994 og medarbeidar i NRKs faste språkprogram sidan 1990. I sju år ga han Språkrådet eit ansikt og ei røyst som uredd, humørfylt og markant direktør og debattant.

Øverst i skjemaet

I boka Tale er gull hevdar Sylfest Lomheim at talen er den mest avgjerande og verdfulle reiskapen vi menneske har – så vel i privatlivet som i samfunns- og yrkeslivet. Mellom langsam biologi og eksplosiv teknologi blir talen – den fysiske, ansikt til ansikt – gradvis marginalisert. Er vi laga for ei slik utvikling? Toler vi konsekvensane av det som skjer med oss og rundt oss?
Det vert høve til å kjøpa signert bok.

Siste foredraget dette haustsemesteret er torsdag 29.11. Då kjem Hallvard Ween for å snakka om» Ka ska me leva av itte oljå?». Med dette som utgangspunkt tek han ein «helikoptertur» over Rogaland med blikket retta både bakover og framover.

Bli medlem!

Arkiv