Jæren
Senior
Universitet

Arne Nævra: Naturopplevingar og naturtap

Arne Nævra: Naturopplevingar og naturtap

Torsdag 27. mars kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek

I mars, medan våren gryr over Jæren og trekkfuglane vender tilbake, får me oppleva den dyktige naturfotografen og engasjerte forteljaren i film og tale på Senioruniversitetet. Nævra er også rykande aktuell med ei ny bok, «Naturen og oss», der han skildrar både naturglede og natursorg etter mange tiår bak filmkameraet.  Ja, etter fire år på Stortinget òg. Nævra sat nemleg frå 2017 til 2021 som representant for SV i Buskerud. Disse erfaringane har gitt Nævra stor uro for kva me gjer med naturen, gjennom stadig meir nedbygging av viktige areal, og han vil dela mange av desse tankane med oss.

Arne NævraArne Nævra (f. 1953) er ein av Nordens mest profilerte naturfilmskaparar, kjend frå eit utal av program og seriar på NRK. Mange vil minnast seriar som «Villdyr og villmark», «Norske naturperler», «Norges villmarker» og «Min natur».

Bli medlem!

Arkiv