Jæren
Senior
Universitet

Årsmelding 2018

Årsmelding 2018

Jæren SeniorUniversitet

Årsmelding  2018

      I.            Organisasjon og formål

JSU er ein møtestad på dagtid for alle seniorar uansett alder. Gjennom  foredrag/forelesingar blir det gitt innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det  arrangerast ekskursjonar og turar. JSU er ein sjølvstendig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret. Alt arbeid for organisasjonen er frivillig. JSU har ikkje betalte tilsette.

    II.            Vedtekter

Det er til denne tid ingen endringar i vedtektene godkjende av årsmøte 22.03.2012. Styret har på oppfordring frå årsmøtet i 2018 arbeidd med revisjon av vedtektene. Forslag til reviderte vedtekter vert lagt fram på årsmøtet 2019.

  III.            Medlemmer

Medlemmer ved årsskiftet 2018/2019: 141 (137).

Talet i parentes her og seinare i årsmeldinga refererer til året før.

 IV.            Styre

      MEDLEMMER    
 

Adresse

Telefon

e-post

Funksjon

På val

Tom Hetland Stemmen 14344 Bryne 911 87 478 tom.m.hetland@gmail.com leiar 2019
Åse Helgeland Eivindsholv 26, 4345 Bryne 928 18 605 oddvar.helgeland@lyse.net nestleiar 2019
Øyvind Nordsletten Hognestad-vegen 278, 4346 Bryne 99 26 0287 oyvind@nordsletten.com styremedlem 2019
Turid Løge Hagerup Gjærsmyrv. 18, 4341 Bryne 911 81 246 turid_hagerup@hotmail.com styremedlem 2020
Kristian Staveland Kolheiv 6, 4340 Bryne 971 95 325 kristian.staveland@lyse.net sekretær 2019
Berit Ree Magnussen Eikeberget 10 4340 Bryne 975 10 246 berema@online.no styremedlem 2020
Tore Wiig Nordsjøv. 12474343 Orre 970 81 570 wiig.tore@outlook.com Kasserar og rekneskaps-førar 2020
Jan Sveinsvoll Mosev. 1 4056 Tananger 988 63 484 jan.sveinsvoll@lyse.net Første vara 2019
Jan Serigstad Kong Sverres gate 17 4344 Bryne 957 94 113 serigz@jkn.no Andre vara 2019

   V.            Valkomité

Jarle Braut, Arnstein Jonsbråten og Siv Aasland.

 VI.            Revisor

Jonn-Borger Magnussen.

VII.            Styreaktivitet

Styret har hatt 9 (8) møte og har behandla 56 (39) saker.

VIII.            Kontingent    

Kontingenten er kr 500,- og fylgjer kalenderåret. Årsmøtet 2018 fastsette kontingenten for 2019. Styret foreslår uendra kontingent for 2020. Nyinnmelde medlemmer etter 1. august betaler kr 250,- for resten av året. Medlemmer betaler ikkje inngangspengar på møta. Ikkje-medlemmer betaler kr 100. Kontingenten for 2020 skal godkjennast av årets årsmøte.

 IX.            Programmet i 2018

Det har vore åtte (ni) førelesingar i 2018. Frammøtet i vårsemesteret var 126 (116) personar i snitt, og i haustsemesteret 142 (132). Til saman 1070 (1107). Når samla oppmøte for 2018 er lågare enn året før, kjem det av at siste torsdag i mars var i påskehelga. JSU var med-arrangør for konsert i Storstova 8. mars der mange av medlemmene møtte. Her er namn på førelesarane og emne for 2018:

Januar: Ottar Grepstad: Dølen mot jærbuen – nye forteljingar om Vinje og Garborg

Februar: Øystein Fjetland Øgaard: Aldring og alderdom i den digitale tidsalderen.

Mars: Spurven og divaen (framstilling i Storstova)

April: Kjersti Hetland: Kina – den asiatiske tigeren på spranget til supermakt   

Mai: Målfrid Braut Hegghammer: Diktatorar og kjernevåpen

August: Bernt Hagtvet: 1968-opprøret: Utopisk vårløsning eller politisk villfarelse?

September: Geir Sverre Braut: Aldring, helse og det gode liv.

Oktober: Anders Vassenden: Slik har oljå forandra Rogaland. Kulturelle endringar i oljealderen

November: Janne Stigen Drangsholt: Skal vi lese klassisk litteratur? 

Møtestad: Alle møta bortsett frå Spurven og Divaen er haldne i Time bibliotek. JSU takkar for utvist velvilje og godt samarbeid.

   X.            Økonomi og rekneskap

Økonomien er god. Opparbeidd kapital gir rom for å henta inn føredragshaldarar frå andre delar av landet og gjera eventuelle investeringar i utstyr.

Rekneskapen for 2018 er godkjent av revisor.

Kommentar:

1)     Bankinnskot er summen av brukskonto og sparekonto. 

Rekneskap 2018 og 2017  

Inntekt

2018

 

2017

Bank

Medlemskontingent

70.500,-

         66.250,-    
Billettinntekt

39.450,-

         37.100,-    
Boksal

 

           2.075,-    
Rente bank

604,17

 

        995,90

   
Sum inntekt

   110.554,17

     106.420,90    
Utgift

2018

 

2017

Bank

Honorar førelesarar

30.000,-

 

   32.000,-

   
Reise og forpleiing, førelesarar og styre

23.430,7

 

     9.710,80

   
Rekvisita

1.135,6

          3.661,-    
Annonser

4.567,5

          4.790,-    
Andre adm. kostnader (porto, gebyr mm)

     2.045,29

 

3.574,66

   
Sum utgift

61.179,09

 

53.736,46

 

 
Resultat 2018

49.375,08

  

 

 

 

Resultat 2017

 

 

52684,44

 

 

Kontantar i kassen

500,-

 

833,-

 

 

Bankinnskott 31.12.2017  

 

 

 

291674,99

Bankinnskott 31.12.2018  

 

 

 

340883,10

 

Styret i JSU takkar alle medlemmene for godt oppmøte og støtte.

 

Bryne, 28.  februar 2019

 

Tom Hetland                           Åse Helgeland                        Turid Løge Hagerup

Berit Ree Magnussen                        Øyvind Nordsletten                Tore Wiig

Kristian Staveland                  Jan Sveinsvoll                                   Jan Serigstad

Bli medlem!

Arkiv