Torsdag 28. november kl 1100 i Storsalen Time bibliotek, kjem direktør i Norsk Språkråd Åse Wetåas og skal forelesa om dette emnet.
Norsk språk har tilsynelatande ein sterk posisjon. Nordmenn er eit lesande og skrivande folk. Dei fleste les ei eller fleire aviser dagleg, bøker går framleis i store opplag, og norskspråklege forfattarar, med Jon Fosse i spissen, vert lagt merke til internasjonalt.
Samstundes er språket vårt under press, særleg frå engelsk, som dominerer i teknologi, internasjonalt næringsliv og populærkultur. Og digitalisering og kunstig intelligens fører til at me stadig oftare kan overlata skrivejobbane til maskinar. Kva følgjer får det for evna og viljen til å oppretthalda bruken av norsk på alle samfunnsområde? Kva utfordringar stiller utviklinga til den norske språkpolitikken? Og kva med minoritetsspråka våre?
Åse Wetås (f. 1972) frå Sandnes er språkforskar og leksikograf.
Sidan 2015 har ho vore direktør i Norsk Språkråd, som er ansvarleg for å følgja opp den norske språkpolitikken og arbeider for å styrkja norsk språk og språkmangfaldet i landet vårt.
Foto: Oda Hveem