Torsdag 26. september kl. 11
Me har alle, i varierande grad, kjent på smerte. Men kvifor opplever me det som kan gjera vondt, så ulikt? Kva slags forhold gjer oss utsette for smerte, og kva kan gjera oss motstandsdyktige? Kvifor har kvinner meir vondt enn menn, og kvifor har folk i Norge meir vondt enn andre i Europa?
Det er tema for foredraget til Audun Aas. Han går i liten grad inn på konkrete diagnosar, medikament og behandlingsmetodar, men gir oss eit overordna blikk på fenomenet smerte, ispedd mange pussige og overraskande fakta.
Audun Aas (f. 1950) er pensjonert anestestilege med bakgrunn frå Smerteseksjonen ved Sykehuset Østfold. I 2018 gav han ut boka «Smerteboken – fra vondt til bedre».