93 var tilstades i godveret for å høyra Einar Haukås snakka om det siste når det gjeld kreftforskning og behandling. Det er eit komplisert tema, men han greidde å gjera det tilgjengeleg for oss lekfolk. Det var godt å høyra at det skjer mykje både når det gjeld diagnostisering og behandling. Blant anna driv ein mykje meir målretta og individuelt tilpassa opplæring i dag enn ein gjorde tidlegare. Overlevingsprosenten etter kreftsjukdom er og mykje høgare.
Jæren Senioruniversitet er 10 år, og det vart markert på dette møtet. Det var takkeord og blomar til dei som var med å stifta laget, forrige leiar og biblioteksjefen. Sara Kyllingstad Lygren sto for musikalsk innslag.