Jæren
Senior
Universitet

Augustmøte

Augustmøte

50 stk. var tilstades for å høyra Sverre Nesvåg 27.august. Det er makstalet ein i desse tider kan ha i Biblioteket. Nå ser det ut til at septembermøtet med Siri Bjorland kan vera i Storstova, og der vil det vera plass til 200. Det kjem meir info om dette seinare.

Sverre Nesvåg sitt tema var: Bør narkotika avkriminaliserast? Hjelp i staden for straff er konklusjonen til det regjeringsutnemnde utvalet han har vore del av. Han greidde ut om kvifor og korleis dei var kome fram til dette. Dette gjorde han  på ein tydeleg og forståeleg måte. Etter pausen var det gode spørsmål som han ga omfattande og gode svar på. Han var klar på at det er ingen automatikk i at avkriminalisering skulle føra til legalisering av narkotika.

Bli medlem!

Arkiv