96 var tilstades for å høyra Osmund Ueland snakka om Norsk Jernbaneutvikling. Det var ein engasjert Ueland som snakka om noko han var veldig interessert i, sjølv om det var mange år sidan han var øverste sjef i NSB. Han informerte blant anna om at det hadde aldri vore noko Stortingsmelding som hadde sagt noko om kor folk skal bu i Norge. Det hadde ikkje vore vilje nok blant våre sentrale politikarar til å satsa på jernbanen. Han meinte og at vi har mykje å læra av Danmark og Sverige som satsar på infrastruktur før store utbyggingar. Hos oss styrer staten for lite, og lokaldemokratiet er for sterkt. Dette har vore med på å sinka jernbaneutviklinga i Norge
.
Det var eit godt møte med mange gode spørsmål og innspel etter pausen.