Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Foredrag 31. oktober: Dosent Jan Opsal – “Islam i moderne politikk”

Foredrag 31. oktober: Dosent Jan Opsal – “Islam i moderne politikk”

120 høyrde Øyvind Dahl sitt engasjerande foredrag om interkulturell kommunikajon: “Å forstå og bli forstått”.

Torsdag 31. oktober kl. 11 i Time bibliotek kjem dosent Jan Opsal med foredraget “Islam i moderne politikk”.

Jan Opsal har sidan 1996 vore knytta til Misjonshøgskolen som dosent, lærar og forskar i religionsvitskap. Han har brei innsikt i islam gjennom forskinga si på ulike sider ved religionen, og gjennom kontakt med muslimar i det norske samfunnet. Han har sett islam i funksjon i mange land i Midtausten, Afrika, Asia og Nord-Amerika.

Gjennom mange år har han bidrege til å spreia kunnskap om islam gjennom omfattande forfattarverksemd, foredrag og undervisning, og har i boka: “Islam – Lydighetens vei”., gitt ei brei innføring i religionen.

Vel møtt!

Bli medlem!

Arkiv