Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Agnes Ravatn har meldt forfall. Erstattar vert Ørjan Zazzera Johansen om sitt forfattarskap

Agnes Ravatn har meldt forfall. Erstattar vert Ørjan Zazzera Johansen om sitt forfattarskap

Torsdag 30. november kl.11.00:

ØRJAN ZAZZERA JOHANSEN

«Frå Rosseland ballklubb til Arne Garborg og Erling Braut Haaland  –  streiftog gjennom bøker»

ØRJAN ZAZZERA JOHANSEN

Mastergrad i lesevitskap frå Universitetet i Stavanger.

Forfattarutdanning frå Litterär gestaltning ved Göteborgs universitet og Skrivekunstakademiet.

Formidlar og informasjonsansvarleg ved Garborgsenteret.

Medlem av Norsk Forfattersentrum og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Leiar av Rogaland forfattarlag.

Bøker:
Blod, svette og tåskudd; sakprosa, Rosseland Ballklubb 2010
Vent på meg, Diego;
 roman, Commentum 2014
Kong Nors land;
 roman, Jæren forlag 2018
Torbjørn Hansen og pingle-pappa; barnebok, Hertervig forlag 2020
Fotballprosjektet (med Alf Ingve Berntsen); sakprosa, Jæren forlag 2020
Huldas Heimestell; teikneserie, Garborgsenteret 2021
Historia om Erling Braut Haaland (illustrert av Thomas Kirkeberg); barnebok, Samlaget, 2022.

 

 

Agnes Ravatn har dessverre meldt forfall.

Duren frå ein hjullastarAgnes Ravatn (f. 1983) frå Ølen er ein av våre fremste yngre forfattarar. Ho debuterte i 2007 med den kritikarroste romanen Veke 53. Seinare har ho skrive ei rekkje romanar, essaysamlingar og avisartiklar, der ho formidlar både spenning, undring, ironi og humor.

 

Høgdepunktet så langt er nok romanen Fugletribunalet frå 2013, som ho fekk P2-lyttarane sin romanpris for. Essaysamlinga Folkelesnad frå 2011, om norske vekeblad og magasin, vart nominert til Brageprisen det året. I 2011 fekk ho Norsk språkpris for nynorsk, og to år seinare Arne Hestenes’ journalistpris.

 

I 2016 flytta Agnes Ravatn med mann og barn til eit lite småbruk i Valevåg og vart nærmaste nabo med forfattaren Einar Økland. Resultatet vart boka Verda er ein skandale: ei lita bok om livet på landet, som kom i 2017.

 

Agnes Ravatn vil ikkje halda eit tradisjonelt foredrag – møtet med henne vert i form av ein samtale med Inger Undheim. Og sjølvsagt med rom for spørsmål frå salen etterpå.

Bli medlem!

Arkiv