Solveig Aareskjold samla 102 tilhøyrarar til si førelesing om kjærleik i norrøn litteratur. Ho tok også opp kvinnene si sterke rolle i vikingtida, sikkert noko ukjent for mange av oss.
Nå skal Gina Lende snakka om religionen si rolle i samfunnet, det ser ut til at religion får ei sterkare rolle som maktfaktor medan ein trudde det ville verta motsett. Ho vil ta opp nokre store liner om endring dei siste ti-åra, både innan islam og kristendom.