Jæren
Senior
Universitet

Haustsemesteret 2024 startar 29. august

Haustsemesteret 2024 startar 29. august

Styret i JSU ønskar velkomen til haustsemesteret 2024, som startar torsdag 29. august. Først ut i dette semesteret er sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Kjersti Sortland.
Temaet for møtet møtet er den utfordrande situasjonen mediehusa står overfor – sjå nærmare om temaet under.
Møtet er som vanleg i auditoriet, 2. etasje i Time bibliotek. Vel møtt!

Mediebransjen er i rask endring. Digitale plattformer tek over for
papiraviser. Sosiale, uredigerte medium utfordrar dei redaktørstyrte, og
er blitt effektive forum for polarisering og spreiing av falske nyheiter.
Medievanane blir stadig meir ulike mellom grupper og generasjonar.
Medieøkonomien er blitt meir krevjande.


Aftenbladet er det største mediehuset i vår region. Korleis møter dei den nye mediesituasjonen? Kva konsekvensar får den for journalistikken og for Aftenbladet sine mål og strategiar? Kva rolle spelar eigarskap, og kan meir samarbeid innan mediebransjen vera ein del av løysinga?

Kjersti Sortland (f. 1968) er sjefredaktør i Stavanger Aftenblad sidan 2021. Ho har bak seg ein
lang karriere som journalist, redaktør og medieleiar. Før ho kom til Aftenbladet, var ho i åtte
år ansvarleg redaktør i Budstikka i Asker og Bærum.

Programmet for resten av haustsemesteret, kan du sjå ved å klikka her:

Bli medlem!

Arkiv