Jæren
Senior
Universitet

Haustsemesteret

Haustsemesteret

Takk for eit godt haustsemester. Forelesingane har hatt eit gjennomsnittleg tilhøyrartal på 125! Vi har funne ei akseptabel løysing på plassproblema i Time bibliotek. I auditoriet er det plass til maksimum 110 personar. I tillegg tek vi i bruk høgtalar, kanon og skjerm i den delen av biblioteket som er i tilknyting til auditoriet (2. etg.). Tilhøyrarane vert då delte med omlag 100 i auditoriet og 40 i biblioteket.

Kontingent og inngangspengar

Interimstyret i JSU har funne det nødvendig å auka medlemskontingenten til kr 500. Det er ikkje lenger rabatt for to med same adresse
. Ikkje-medlemmer betaler kr 100 i inngangspengar. Endringa vil bli lagt fram for årsmøte til godkjenning.

Neste forelesing er 26.01.2012

Professor og seksjonsleiar ved Norges veterinærhøgskole, Institutt for produksjonsdyrmedisin, Seksjon for småfeforskning og husdyrhelse, Sandnes,

Martha J
. Ulvund
foreles over temaet “Veterinærmedisin – en utfordring for mennesker og dyr”.

Ho er Cand. med. vet frå Norges veterinærhøgskole, 1969, Dr. scient (patologi) 1974 frå Norges veterinærhøgskole, Dr.med. vet 1990 frå Norges veterinærhøgskole og Europeisk spesialist i småfehelse (Diplomate, Small Ruminant Health and Management, Dip. ECSRHM) 2008. Martha J Ulvund har brei vitskapleg produksjon med mange refererte artiklar, konferanse proceedings, bøker og/eller kapittel i bøker. Medlem i mange akademiske og profesjonelle komitear, nasjonalt og internasjonalt.

Bli medlem!

Arkiv