Sigbjørn Reime hadde eit grundig gjennomarbeidd og opplysande føredrag på møtet den 26.1. 129 personar møtte fram og høyrde med stor interesse.
Nestemann ut er Håvard Søiland. Han er professor ved universitetet i Bergen og spesialist i bryst- og endokrinkirugi. Sjølv om det dei siste åra har vorte gjort store framsteg når det gjeld brystkreft er det framleis uløyste gåter å forska på.