Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Info om septembermøtet med Siri Bjorland

Info om septembermøtet med Siri Bjorland

24.september kl 1100 skal Siri Bjorland frå Bryne snakka om ryggplagar og den nyaste forskninga på området. Eit aktuelt tema for vår aldersgruppe. Det er nå avklart at vi får vera i Storstova. Der er det i desse smitteverntider plass til 200. Det betyr at ein kan bare møta opp og treng ikkje melda seg på. Vi ber likevel folk om å møta tidleg fordi alle skal registrerast og visast på plass. Storstova på Bryne ligg omtrent i same avstand frå jernbanen som biblioteket, og det er parkeringsplass med automatbetaling rett ved.

Det utsette årsmøtet for 2019 blir halde i etterkant av møtet.

4. november kl 1900 skal det vera konsert med Britt Synnøve -FRA CHAMP-ELYSEES TILSTORHAUG ALLE, i Storstova. Medlemmar av Jæren Senioruniversitet kan kjøpa billettar til redusert pris. Koden ein må bruka for å kjøpa billettar til redusert pris, er sendt til alle medlemmane.

Bli medlem!

Arkiv