Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Informasjon

Informasjon

Sylfest Lomheim trekte fullt hus og vel så det. 155 kom for å høyra han. Det er ny frammøterekord!

Siste møte dette semesteret blir 29.11.
Hallvard Ween: «Ka ska med leva av itte oljå?» – Med dette som utgangspunkt tek han ein «helikoptertur» over Rogaland med blikket retta både bakover, i nåtid og framover.

Hallvard Ween er regiondirektør i NHO-Rogaland. Han har hatt leiande stillingar i næringslivet på Jæren og i Stavanger. Han har også brei styreerfaring frå privat og offentleg sektor.

Hallvard Ween kjenner Rogaland og har eit ekte engasjement for fylket. Han har klare synspunkt på dagens Rogaland og på vegvalg framover. Han er ein engasjert og humørfylt foredragshaldar.

På møtet i Jæren Senioruniversitet 29. november vil Hallvard Ween sjå på dagens Rogaland og Jæren, og han vil leggja fram kva utfordringar og løysingar han ser på sentrale samfunnsproblem slik som by- og industriutvikling, landbruk og jordvern.

Programmet for vårsemesteret er klart
Finn det ved å klikka på Program våren 2013 under program i menyen over eller ved å trykke her.

Kontingent for 2013
Kontingenten for 2013 er kr 500. Ingen rabatt for ektefelle/sambuar. Dersom gamle medlemmer betaler inn før 1. desember, slepp vi arbeidet med å senda ut giro. Betal inn på konto 3325.38.18609.

NB Skriv melding til mottakar: Kontingent 2013 og namn på medlemmen/medlemmene som betaler inn. Utan denne opplysninga veit vi ikkje kven som har betalt!

Nye medlemmer melder seg inn ved å klikka på Bli medlem i menyen over eller ved å klikka her.

Bli medlem!

Arkiv