Jæren
Senior
Universitet

Jæren SeniorUniversitet i april

Jæren SeniorUniversitet i april

I mars høyrde vi Bjørn Hille halda eit engasjerande foredrag om Jæren friluftsråd sine mange aktivitetar.

I april er det temaskifte. Egersundaren Jostein Berglyd og håbuen Asgeir Lode har begge hovudfag i historie. Berglyd har i mange år vore lektor i den vidaregåande skulen og har elles engasjert seg politisk og i styreverv.

Lode har lang teneste som journalist i Stavanger Aftenblad. Politikk og næringsliv har, saman med generell journalistikk, vore sentrale felt. Begge har forska i den lokale krigshistoria vår. Berglyd har publisert ni bøker og 118 artiklar, det aller meste med tema frå krigs- og okkupajonshistoria på Jæren og i Dalane.

Hausten 2012 ga dei ut kvar si bok med same tema, historia om dei tragiske hendingane kring fluktplanane til unge jærbuar tidleg under andre verdskrigen.

Berglyd si bok har tittelen Jærbuer i krigsdrama. Forspill og tragedier 1940-42.

Lode si bok har tittelen Englandsfarerne. En jærsk tragedie 1941-45.

Både Jostein Berglyd og Asgeir Lode  har kvar for seg halde ei lang rekke foredrag med tema kring desse to bøkene. På møte i Jæren SeniorUniversitet torsdag 25. april kl. 11 i Time bibliotek er vi så heldige å få møta begge forfattarane samstundes, noko som burde gi grunnlag for mange spørsmål og gode drøftingar.

Bli medlem!

Arkiv