Jæren
Senior
Universitet

Jørn Øyrehagen Sunde: Øl og brød – Landslova av 1274 og Norge som eit statssamfunn i Europa

Jørn Øyrehagen Sunde: Øl og brød – Landslova av 1274 og Norge som eit statssamfunn i Europa

Tysdag 27. mai kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek. NB! Merk dagen.

Øl var næringsdrikk og festdrikk i det gamle vikingsamfunnet. Bøndene hadde plikt å brygga øl til jul og til jonsok, og viktige juridiske handlingar kravde at deltakarane fekk øl å drikka. Øl kunne til og med i særlege tilfelle brukast i staden for vievatn ved dåp og vin under nattverd. Dette endra seg på 1200-talet, og i Landslova av 1274 vert drikk og fyll handsama som eit problem. Bak endringa i samfunnsfunksjonen til øl finn vi dei lange konsekvensane av kristninga, som førte til ein overgang får eit ætte- til eit statssamfunn, frå eit munnleg til eit skriftsamfunn, og ei integrering i europeisk kultur.

Jørn Øyehagen SundeJørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor, jurist og rettshistorikar, med tilknyting både til Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Baroniet i Rosendal i heimkommunen Kvinnherad. Han var sentral under markeringa av 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov i fjor. Dei som opplevde Øyrehagen Sunde sitt engasjerande foredrag på JSU i 2022, veit at dei har noko å gleda seg til!

Bli medlem!

Arkiv